Som i fjor?: – Viss eg hadde vore i ein 17. mai-komité no, så hadde eg planlagt med utgangspunkt i det som var råd og reglar i fjor, sa Bent Høie tysdag kveld.

Dette er Høies råd til 17. mai-komiteane

Helseminister Bent Høie (H) rår 17. mai-komiteane i landet til å ta utgangspunkt i råda og reglane frå fjoråret når dei skal planleggja årets 17. mai.

Smittesituasjonen i Noreg er no så urovekkjande at det får konsekvensar for mange som hadde planlagt å feira påske med familie og venner. Om under to månader er det 17. mai.

– Det vil koma råd òg om det, men å gi dei akkurat no, ville ikkje gitt så mykje meining, sa Høie under pressekonferansen tysdag om nye nasjonale tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Høie: - Difor må vi innføra nasjonale innstrammingar no - sjå tiltaka

– Viss eg hadde vore i ein 17. mai-komité no, så hadde eg planlagt med utgangspunkt i det som var råd og reglar i fjor, og så vil jo alt som er betre, vera enklare å innretta seg etter, sa han om håpet om ein betra smittesituasjon og ein større del vaksinerte innan den tid.

Les også
Regjeringa innfører nasjonal skjenkestopp
Les også
- To meters avstand og maks to gjester på besøk