Tove Tvedt Skarstein trudde ho fekk faktura frå Telenor, men då ho opna vedlegget, låste maskinen seg. Ho blei beden om å betala ein sum for å få attende kontrollen over filene. No er problemet løyst med hjelp frå Fusit Data & Teknologi AS. (Arkiv

Fusingar redda Toves filer

Tove Tvedt Skarstein blei lurt av ein falsk Telenor-faktura, og alt av filer på PC-en blei krypterte. Osingen trudde at filene var tapt, før ho fann løysinga rett over fjorden.

Tvedt Skarstein kan takka nokre fusingar for at ho har fått tilgang til maskinen igjen. Fusit Data & Teknologi har dekryptert filene, ved hjelp frå eit partnarselskap.

- Eg veit ikkje kva eg skal kalla viruset. Så langt har vi berre kalla det Telenor-viruset, sidan det dukkar opp via ein falsk Telenor-faktura, seier dagleg leiar i Fusit Data & Teknologi, Rune Gangstø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viruset hadde gjort alle bilete og dokument uleselege.

(Les saka her:Tove blei utsett for svindelforsøk)

- Vi fekk dekryptert filene via ei programvare som vi får frå ein partnar. Dei har spesialisert seg på dekryptering. Utan dei rette kodane, ville det teke mange år å fiksa eit slikt problem som Toves, seier Gangstø.

Peter-Hans de Zwarte og Rune Gangstø i Fusit Data & Teknologi. (Arkiv
Peter-Hans de Zwarte og Rune Gangstø i Fusit Data & Teknologi. (Arkiv
Denne fakturaen ser ut til å vera frå Telenor, men i røynda er det svindlarar som står bak.
Denne fakturaen ser ut til å vera frå Telenor, men i røynda er det svindlarar som står bak.
Om ein har opna fakturaen frå "Telenor", kan du få opp ei slik melding. Kriminelle tek kontroll over pc-en din og krev pengar for å få filene dine attende.
Om ein har opna fakturaen frå "Telenor", kan du få opp ei slik melding. Kriminelle tek kontroll over pc-en din og krev pengar for å få filene dine attende.

Ikkje åleine

Då vi snakka med Tove sist, sa ho at det nok ikkje er alle som ville ha stått fram etter å ha blitt lurt slik ho blei. Ho valte å gjera det for å åtvara andre om viruset. Gangstø stadfester at Tove ikkje er den einaste som har kome til dei for hjelp.

- Vi har hjelpt nokre i Fusa med det same problemet, seier Gangstø og held fram:

- Vi har eksperimentert litt. Vi har prøvd å infisera våre eigne virtuelle PC-er, og i hovudsak ser det ut som at vi kan redda ut det som er av filer som er krypterte på denne måten.

Trudde alt var tapt

Måndag skal Tove etter planen få attende datamaskinen sin. At ho skulle få tilgang til alt på PC-en, hadde ho ikkje trudd for eit par veker sidan.

- Det er veldig kjekt at dei kunne hjelpa. Eg veit ikkje kor mykje av bileta som framleis er på maskina, men det får eg sjå på måndag, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Private bilete har ho også lagra på maskina heime. Bilete i jobbsamanheng, har ho berre på PC-en som blei råka av viruset.

- Det blir spanande å sjå kva som er på maskina når eg får han attende, seier Tvedt Skarstein.