Svein Kollen og Geir Garmannslund framfor tribunen på Lysekloster sitt idrettsanlegg.

Har fått bod på 15 millionar kroner:

– Går dette gjennom, er klubben redda

Tertnes Holding AS har bydd 15 millionar kroner for idrettsanlegget til Lysekloster IL.

Publisert Sist oppdatert

Sist tysdag vart det klart at Jan Olav Jørgensen i Tertnes Holding AS har levert skriftleg bod på idrettsanlegget til Lysekloster IL. Bodet skal vera på 15 millionar kroner og omfattar kjøp av 49,9 prosent av heile idrettsanlegget.

Dersom salet vert ein realitet, meiner sportsleg leiar Svein Kollen og administrativ leiar for A-laget, Geir Garmannslund, at det vil redda idrettslaget. 

Men det er fleire atterhald i saka. Per dags dato er det eit nytt styre som regjerer på Lysekloster, og det trengst fleire avklaringar før eit eventuelt sal kan gjennomførast, presiserer Kollen og Garmannslund.

Gjelda

Når det nye styret melde oppbod før påske, var det på bakgrunn av ei gjeld på kring 12 millionar kroner. 

– Bodet frå Tertnes Holding er høgare enn det, og 'legitimerer' at verdien på anlegget er høgare enn gjelda. I så måte kan ikkje klubben bli slått konkurs, meiner Garmannslund.

Kollen legg til at dei har fått gjelda revidert av revisor, og ifølgje den sportslege leiaren er gjelda på 8,1 millionar kroner, ikkje 12 millionar, slik det kom fram i oppbodsbegjæringa.

Os & Fusaposten erfarer at bodet tilsvarer summen anlegget vart taksert til av A1-Takst ved takstingeniør Rune Løseth 6. april i år.

Bod med atterhald

Bodet frå Tertnes Holding AS føreset at klubben ikkje blir slått konkurs då dette vil føra til at Lysekloster mister posisjonen sin som 2. divisjonslag.

– Bodet omfattar kjøp av heile idrettsanlegget inkludert tribune, bane, garderobar og klubbhus, ifølgje Garmannslund og held fram:

– I praksis skal det opprettast eit eigedomsselskap som vil eiga heile anlegget. Her vil Tertnes Holding AS vera ein sentral aktør, men også Lysekloster IL, som vil eiga 50,1 prosent av anlegget.

Bodgjevar skal også vera interessert i å investera i området kring idrettsanlegget og skal ønskja samarbeid med kommunen om dette. 

Styre

Det gamle styret med Kollen og Garmannslund i spissen, har no sendt et prosesskriv til lagmannsretten, som ei utviding av den tidlegare innsendte anken.

– I prosesskrivet løftar me fram to moment: At me meiner at ikkje alle dei som røysta inn det nye styret, var stemme-berettiga og at me med dette bodet legitimerer verdien av anlegget og på den måten ugyldiggjer at idrettslaget kan bli slått konkurs, seier Garmannslund.

– Bustyrar sa det jo sjølv for kort tid tilbake. Om verdiane i idrettslaget er større enn gjelda, kan ikkje klubben bli slått konkurs, legg han til.

– Korleis ser vegen ut vidare, i dykkar auge?

– Om kjøpet vert gjennomført, må me ha eit ekstraordinært årsmøte med nytt val av styre. Om me får det slik me ønskjer, vil me skilja A-lagsfotballen frå den andre idretten i idrettslaget. Dette for å unngå situasjonar som me er hamna i no, og for å sikra vidare drift av heile idrettslaget i mange år framover, seier Kollen.

Tar det til etterretning

Styreleiar Jostein Kløverød uttalar til Os & Fusaposten at det nye styret er kjent med at det ligg føre eit forslag knytt til anlegget.  

— Det tar vi til etterretning. Samtidig er det viktig å understreka at dette ikkje er eit konkret kjøpstilbod som kan gjennomførast no, men ei skisse med atterhald som føreset at konkursen vert oppheva og at ei rekke øvrige forhold vert avklarte, skriv Kløverød i ei melding.

Jostein Kløverød, styreleiar i Lysekloster Idrettslag.

Han legg til at det nye styret heile tida har vore opptatt av 'å sikra ei bærekraftig løysing for klubben, særleg for breidda og aktivitetstilbodet i lokalmiljøet'. 

— Vår vurdering på tidspunktet for oppbodet var at idrettslaget ikkje var i stand til å oppfylla sine forpliktingar, og denne vurderinga står fast, kommenterer Kløverød.

Det nye styret avventar no lagmannsrettens si behandling av anken.

Stadfestar dialog

Kommunedirektør Arild McClellan Steine er kjend med tilbodet frå Tertnes Holding AS og stadfestar at det har vore dialog med kommunen om saka.

– Me er opptekne av at anlegget blir brukt til det føremålet det er tenkt, og me blir glade om ein no finn ei løysing i saka slik at aktiviteten kan oppretthaldast, seier McClellan Steine.

Når det gjeld tomta like ved idrettsanlegget, seier kommunedirektøren at kommunen ikkje har forplikta seg til nokon aktør her.

— Denne skal seljast på den opne marknaden, seier McClellan Steine.

Han er glad for interessa for området, og meiner det er bra om dette kan vera eit nærsenterområde.

Bustyrar Egil Horstad bekreftar til BA at bodet blei gjort kjent for han måndag i førre veke.

– Det synleggjer ein verdi av anlegget deira, så er det slik at vi har ein frist til 18. mai med å koma med bemerkningar til dette, uttalte Horstad til BA. 

Powered by Labrador CMS