Leitemannskap leita heile natt til laurdag. Laurdag og gjennom natta til søndag heldt søket fram for fullt.

Store mannskapar har bidrege i søket over fleire dagar

Søket etter mannen i 20-åra pågjekk for fullt laurdag og natt til søndag.

Publisert Sist oppdatert

Oppdatert søndag kl 10.57: 

Etter tips frå bebuar i området har politiet kontakt med sakna. Han vart funne nedkjølt, men vaken og bevisst. 

— Han blir ivaretatt av helse. Vi avsluttar søket og rettar ein stor takk til alle som har bidratt i søket og med informasjon, uttalar operasjonsleiar Jan Børge Misje.

Søket hadde halde fram gjennom natt til laurdag og laurdag, men det vart ikkje gjort funn. 

Røde Kors og Norsk Folkehjelp søkte natt til laurdag. Laurdag vart det gjort ei ny utkalling av frivillige.

— Det er ein del som har vore med lenge som må ha kvile, opplyste operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen. 

Politiet bad fredag kveld om bistand frå Heimevernet og dei ville laurdag stilla med mellom 70 og 100 mann som skal bistå i søket. 

Sivilforsvaret blei også kontakta fredag kveld og dei ville stilla med ca 20 mann.

— Etterforskninga har foregått parallelt med søket, men det er så langt ikkje kome fram opplysningar som gir nokon svar på kva som kan ha skjedd eller kor den sakna kan vera, uttalte Dahl-Michelsen.

Mannen i 20-åra vart natt til torsdag meldt sakna frå heimen sin, og politiet starta kort tid etter søk med politihund, mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder. 

Sidan torsdag morgon deltok også eit redningshelikopter frå HRS Sola i søket. 

Fredag vart søket trappa opp.

Powered by Labrador CMS