Ønske: Ikkje alle familiar har råd til julegåver. Prosjekt Hjartetre samlar inn gåveønske frå born i kommunen.

I fjor fekk over 300 hjelp til julegåver og julehandel. No nærmar det seg årets frist

– Fristen går ut neste torsdag, så her må folk skunda seg å melda seg på, seier Stine Kobbeltvedt.

Publisert Sist oppdatert

Det er tredje året på rad at frivilligsentralane i Os og Eikelandsfjorden arrangerer julegåveaksjonen Hjartetre. Dette er eit fellesprosjekt mellom frivilligsentralane, ein del eldsjeler, hjelpeorganisasjonar, kommunale einingar og næringsliv i Bjørnafjorden kommune.

Men før dei kan bidra, må aksjonen vita kven som treng hjelp.

– Påmeldingsfristen går ut torsdag 20. november, seier leiar i Os frivilligsentral, Stine Kobbeltvedt.

I fjor fekk over 300 bjørnafjordingar.

– Julegåvene går til born mellom 0 og 18 år, legg Kobbeltvedt til.

Låg terskel

Leiaren ved frivilligsentralen i Os seier det skal vera låg terskel for å be om hjelp, og at det på ingen måte skal kjennest skambelagt.

– Me er opptekne av at alt skal vera konfidensielt. Folk skal føla seg trygge på å vera med. Dette er veldig viktig for oss, understrekar Kobbeltvedt.

Ho er stolt over at konseptet er omfamna av heile kommunen, at så mange bidreg og at mange kan få hjelp.

– Mottoet vårt er «Saman om ei god jul for alle». Det er rørande å sjå korleis dette engasjerer heile lokalsamfunnet

Med ei veke igjen til påmeldingsfristen håpar ho endå fleire melder seg.

– I Os har me kring 100 som har meldt frå om at dei ønskjer hjelp, men me håpar mange fleire melder seg.

– Kan ein søkja om både julegåvehjelp og hjelp til julehandel?

– Ja, absolutt.

Hjartetre, julegåve
hjartetrelapper
Slik ser lappane ut som en snart vil finna på juletreet i AMFI Os og på Fjord'n senter.

Ei gåve eller ei oppleving

For innbyggjarane i kommunen er det mogleg å hjelpa på fleire måtar.

– Me set opp eitt hjartetre i AMFI Os og eitt hjartetre i Fjord'n senter. På trea vil det hengja hjartetrelappar med julegåve-ønske me har fått inn. Om du som enkeltperson, eller familie vil hjelpa, tek du med ein valfri lapp, kjøper produktet og set gåva att i den aktuelle butikken. Butikken vil levera gåva vidare til oss, forklarer Kobbeltvedt.

Aksjonen har hatt veldig god hjelp av 7. trinn ved Os barneskule den siste tida. 

— Dei har klippa og laga til alle hjartetre-lappane som skal hengja på treet. Det er me svært takksame for, for slikt tek tid, smiler Kobbeltvedt.

I tillegg til hjartetreet på AMFI Os, kjem det eit 'opplevingstre' på Kafé Kuli i Os sentrum.

– Dette er eit tre der me inviterer innbyggjarar til å bidra med opplevingsgåver til familiar. Det kan til dømes vera eit gåvekort på Oseana, Capri, Osbadet eller liknande plassar. Dette starta me med i fjor og det var mange som bidrog, fortel Kobbeltvedt.

Hjelpte kring 60 i fjor

Fusa frivilligsentral har same opplegg som i Os. I fjor hjelpte dei kring 60 familiar.

– Me hjelpte også nokon med julehandelen, men i hovudsak er det gåver folk vil ha hjelp til. I år som i fjor vil me setja opp juletre med julegåveønske ved hovudinngangen på Fjord'n senter, fortel Kristin Almås i Fusa frivilligsentral.

Ho kan fortelja at dei til no har fått inn 25 søknader om hjelp frå hjartetreprosjektet.

– Me har rom for å hjelpa langt fleire, så me håpar fleire melder seg. Terskelen for å søkja om hjelp er låg og ein skal kjenna seg trygg på at informasjonen er konfidensiell, seier Almås.

Powered by Labrador CMS