Onsdag morgon var Hans Bjørn Bakketeig gjest i God Morgen Norge. I kveld blir dokumentaren Mirakelet i Moldova, med osingen i hovudrollen, vist på TV2.
Onsdag morgon var Hans Bjørn Bakketeig gjest i God Morgen Norge. I kveld blir dokumentaren Mirakelet i Moldova, med osingen i hovudrollen, vist på TV2.

I kveld kan du sjå Hans Bjørn Bakketeig på TV 2

Dokumentarfilmen Mirakelet i Moldova, med osing Hans Bjørn Bakketeig i hovudrolla, har vore ein stor suksess. I kveld blir han vist på TV 2.

Mirakelet i Moldova viser kampen for eit godt opplegg for dei som er synshemja i Moldova. På seinsommaren i fjor, kort tid før filmenskulle visast på Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF), fortalde Hans Bjørn Bakketeig til Os & Fusaposten at filmen også kom til å koma på både Svensk TV og TV 2, men at det først skulle skje i 2018. I kveld kjem dokumentarfilmen om Bakketeig på Dokument2, under tittelen «Mirakelmannen».

Gjest i God Morgen Norge

Onsdag morgon var osingen gjest i God Morgen Norge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var koseleg. Dei er flinke folk som får ein til å prata og føla seg vel. Vi snakka om historikk, kva som er gjort, kvifor og kva som er motivasjonen. Eg har naturlegvis ikkje sett sendinga sjølv, sidan vi nett er ferdige, men eg har snakka med regissør for dokumentaren, Stian Indrevoll. Han fortalde at det blei vist klipp frå dokumentaren medan eg snakka også, seier Hans Bjørn Bakketeig på telefon frå bryggjekanten i hovudstaden.

Sjølv har Bakketeig sett dokumentaren fem-seks gonger, men han har ikkje sett versjonen som kjem på TV 2 i kveld.

– Det er laga ein versjon for TV 2 på kring 45 minutt. Det er kutta litt, og eg veit at ei av historiene er teken heilt bort frå den versjonen. Det er også laga ein versjon for Svensk TV 2 som varer i 52 minutt, og ein versjon på 82 minutt som er vist på filmfestivalar.

Stor suksess i utlandet

Dokumentarenvann pris på BIFF for beste vestlandsfilm i kategorien langfilm, og har hatt stor suksess i utlandet. Mirakelet i Moldova er blitt vist på ni internasjonale filmfestivalar, og blir no selt til utanlandske TV-stasjonar.

I desember i fjor blei dokumentaren vist i Oseana, noko Bakketeig synest varekstra stor stas. Dagen etter fekk han også det synlege beviset på at han i oktober blei utnemnd tilriddar av førsteklasse. Det var i Oseana at Bakketeig under ein høgtideleg seremoni bleitildelt den kongelege utmerkinga.