Positiv: Ein person som har jobba ved byggeplassen til Meny Os testa positivt for koronavirus sist veke. Mannen blei testa i Bergen kommune.

Koronasmitte på byggeplassen ved Meny - truleg den sørafrikanske virusvarianten

Arbeidet med å rusta opp Meny er stansa opp. Årsaka er påvist smitte blant éin av arbeidsfolka.

Ein person som har jobba ved byggeplassen til Meny Os testa positivt for koronavirus sist veke. Mannen blei testa i Bergen kommune.

– Den positive prøven er sendt til vidare analyse. Men det er svært sannsynleg at det dreier seg om den sørafrikanske koronavarianten, fordi smittekjelda til dette tilfellet jobba ved ein av dei nedstengde byggeplassane i Bergen, seier kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf til kommunen sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heile byggeplassen til Meny Os er no stengd, og vil bli vaska ned i morgon, tysdag.

Truleg ingen lokale

– Alle underleverandørar er informerte. Alle som var innom byggeplassen sist veke er sett i karantene og vil bli testa. Det har ikkje vore nokon lokale underleverandørar frå Bjørnafjorden kommune på byggeplassen i det aktuelle tidsrommet, og truleg er heller ingen tilsette busett i vår kommune, seier Melf.

Meny i Industrivegen har vore stengd sidan 25. januar og skulle etter planen opna opp att nyoppussa og utvida neste torsdag. Slik blir det truleg ikkje.

– Her er alt arbeid stansa. Eg fryktar det blir utsetting av nyopninga, seier kjøpmann Jan Ingolf Lyssand.