Frustrerande: Ordførar Trine Lindborg (Ap) har prøvd å koma seg heim frå ferie tidlegare, men fulle fly har sett ein stoppar for det. No ser ho fram til å koma seg heim i helga.

Ordføraren blir testa og går i karantene når ho kjem heim frå ferie

– Eit ansvar eg vil, og må ta, sjølv om eg ikkje kjem frå ein risikostad, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).

Tidleg fredag morgon reiste ho til Gran Canaria for første gong i sitt liv. Det har blitt ein ferie utanom det vanlege. Sjølv om ho har vore langt vekke, har ho vore tett på alle avgjerder kommuneleiinga har teke.

– Det var viktig for meg at vi tok det ansvaret med å stengja skulane så snart som råd. No må vi berre stå saman. Mikal (fungerande ordførar Mikal Leigland journ.mrk.) uttrykte seg godt i Os & Fusaposten. Eg har prata med han i dag, og stiller meg bak det han seier.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Naudsynt å gjera drastiske tiltak. Me må ta denne dugnaden for alles beste
Les også
Bjørnafjorden kommune stengjer alle skular og barnehagar frå fredag av

Då ordføraren reiste, var det lite som tydde på utviklinga som har vore denne veka.

– Om vi eigentleg skulle ha reist søndag, så hadde vi nok ikkje reist, men fredag var det ikkje noko som indikerte dette. Eg har prøvd å koma meg heim, men det har ikkje vore mogleg grunna fulle fly. Eg har no fått stadfesta at mitt fly skal gå som planlagt i morgon, seier ordføraren og held fram:

– Då kjem eg til å reisa rett heim til leilegheita. Laurdag skal eg testa meg for viruset, og eg kjem til å vera i karantene i påvente av svar.

Sjølv om ho ikkje kjem frå ein risikostad, vil ikkje ordførar Lindborg risikera å påføra organisasjonen risiko for smitte.

Les også
Oppmodar på det sterkaste om at helsepersonell gjer alt dei kan for å koma på jobb

– Dessutan har eg ei rolle som gjer at eg gjerne må stå i nokre situasjonar som gjer at eg kan møta dei som er i risikogruppene. Dette er eit ansvar eg berre må, og vil ta, seier Lindborg.

Klokka 14 torsdag presenterte statsminister Erna Solberg tiltaka regjeringa innfører for å hindra spreiing av koronaviruset. Ordførar Lindborg skulle gjerne sett at regjeringa gjorde dette alt onsdag.

– Vi har i større grad følgt Bergen enn råda som har kome nasjonalt. Dette er naturleg på grunn av pendlinga mellom Bergen og Bjørnafjorden. Dei har vore tøffare, og tidlegare ute enn tiltak nasjonalt, seier Lindborg.

Ordføraren ønskjer no at innbyggjarane står samla, og hjelper kvarandre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi må skapa tryggleik og ikkje panikk, for det er ingen tente med. Vi må ta på alvor at folk er redde og usikre, og spørja oss kva vi kan gjera for å hjelpa til. Det er viktig. Vi må vera solidariske og ta ansvar, seier ho.

Ho oppmodar samstundes folk om ikkje å hamstra mat, bleier og toalettpapir.

– Det er også å visa omtanke, respekt og solidaritet. Dette er dugnad og lagspel.

Så langt er det meldt om eitt stadfesta tilfelle av koronaviruset i Bjørnafjorden kommune. Ordføraren legg til at ho håpar at det står bra til med mannen som er smitta, og med familien hans.

– Eg vil også leggja til at eg er stolt over kommunal kriseleiing og resten av administrasjonen som gjer ein fantastisk jobb i å tryggja oss alle, seier Lindborg, som vil leggja til eit sitat frå den danske statsministeren Mette Fredriksen som ho meiner har sagt det best:

«Vi må stå sammen, og vi må hjelpe hverandre.

Men vi må gjøre det på en annen måte enn vi har gjort før.

Nå må vi holde oss fra hverandre.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppdatert: Etter at vi snakka med ordføraren, fekk vi melding frå ho om at det er kome nye reglar: – Vi blir nok sett i karantene i 14 dagar, men eg vil skjøtta jobben frå heimekarantene og bruka varaordførar om vi må representera i det offentlege rom.