1. januar 2020 vart Os og Fusa til Bjørnafjorden. Korleis står det til på Fusa-sida av fjorden etter samanslåinga?

Tida etter samanslåinga:

Os & Fusaposten inviterer til folkemøte i Eikelandsosen

Korleis står det til på Fusa-sida av fjorden snart seks år etter kommunesamanslåinga? Vi tek pulsen på folk, politikarar og næringsliv.

Publisert Sist oppdatert

22. oktober inviterer Os & Fusaposten til folkemøte i Eikelandsfjorden samfunnshus.

Programleiar og journalist Anne Marie Aarøen Vangsnes er godt i gang med førebuingane til folkemøtet. I desse dagar ringjer ho rundt for å sondera terrenget og ta pulsen på folk, politikarar og næringsliv. 

— Eg er nysgjerrig på å høyre kva folk tenkjer og synest. Ikkje minst når dei slepp å bli sitert på det i avisa. Er frontane så steile som ein kan få inntrykk av i kommentarfelta, spør Vangsnes.

Arild McClellan Steine, kommunedirektør, kommunestyremøte, kommunestyret, 19. juni 2025
Richard Markhus, Ap, kontrollutvalet
Hege Aase Tysnes, Sp, kommunestyremøte. 18. september 2025
Planutvalet, PBM, 29. april 2025, Hans Vindenes, H, planutvalsleiar

Kommunedirektør Arild McClellan Steine og ordførar Terje Søviknes deltek. Vi får også ein panelsamtale med dei noverande og tidlegare kommunestyrerepresentantane Richard Markhus (Ap), Bjarte Samnøy (KrF), Hege Aase Tysnes (Sp) og Hans Vindenes (H).

Aksjonsgruppa Fusabrølet er representert ved Mette Holmefjord Olsen. 

Mette Holmefjord Olsen er ein av leiarane for aksjonsgruppa "Fusabrølet". Her frå protesten mot nedlegging av legevakta i Eikelandsosen.

Det blir også intervju med eit par næringslivsleiarar og "heilt vanlege folk". Til slutt i møtet vert det høve til å stilla spørsmål. 

Debattleiar og journalist Anne-Marie Aarøen Vangsnes.

Os & Fusaposten håpar mange har lyst og moglegheit til å bidra i samtalen, og prøver å invitera 'breitt' - både politikarar, administrasjon, ekspertar, tilsette, mannen i gata - for å få fram flest mogleg perspektiv.

Møtet tek til kl 18. 

— For å sikra at det, i alle fall innimellom, blir god stemning, har vi førebudd nokre innslag som garantert vil få opp humøret, seier Vangsnes.

I forkant av folkemøtet håpar avisa at også du som lesar vil engasjera deg. 

Har du eit spørsmål om kommunesamanslåinga, stoda i Fusa etter samanslåinga eller tankar om kva som kan styrka samhaldet i kommunen, send ein epost til post@osogfusa

Kanskje er det akkurat ditt spørsmål vi stiller i folkemøtet 22. oktober?

Hjarteleg velkomen!

Ps: Har du ikkje høve til å delta på folkemøtet, fortvil ikkje. Folkemøtet vert filma, og send på osogfusa.no i etterkant.

Bjørnafjorden kommune

Kommunesenter: Osøyro

Folketal: 25.790 (2. kvartal 2023)

Vanlegaste fornamn: Jan, Hans, Anne

Vanlegaste etternamn: Haugland, Lyssand, Holmefjord

Areal: 519 km2

Innbyggarar per km2: 52

Andel innbyggarar som bur i tettstad: 76 prosent

Ferskvatn: 30 km2

Kystline: 355,3 km

Grenser til: Bergen, Samnanger, Kvam, Tysnes, Kvinnherad

Høgaste fjell: Tveitakvittingen (1299 m.o.h.)

Største innsjø: Skogseidvatnet 5,28 km2

Kjelde: bjornafjorden.kommune.no

Powered by Labrador CMS