Innsatsleiar Jarle Sjo Myklebust.

Politiet: — Sjekk uthus, garasjer og låvar

Søket etter ein mann i 20-åra pågår for fullt torsdag ettermiddag/kveld.

Publisert

Kl. 17.23 melder politiet at det framleis pågår eit omfattande søk i området Hålandsdalen/Holdhus. 

— Det er ønskjeleg at bebuarar i området sjekkar uthus, garasjer, låvar og liknande, skriv operasjonsleiar Tore-André Brakstad på Politiloggen.

Mannen i 20-åra vart natt til torsdag meldt sakna frå heimen sin, og politiet starta kort tid etter søk med politihund, mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder. 

Sidan morgonen har også eit redningshelikopter frå HRS Sola delteke i søket. 

Mannen skal vera tynnkledd, og om lag 1.70 m høg. Han er iført svart turbukse, blå strikkegenser og store støvlar.

Ved observasjon ring 02800 evt 112 ved akutt fare for liv og helse.

Powered by Labrador CMS