DEBATT
Bytt om ferjene – så får vi betre løysingar både i Fusa og på Tysnes
Kanskje ligg delar av løysinga allereie ved kai?
Debatten om ferjesambandet Hatvik-Venjaneset har den siste tida vore prega av lange køar og sprengd kapasitet.
Ordførar i Bjørnafjorden kommune, Terje Søviknes, har heilt rett når han i Os & Fusaposten ber om strakstiltak for ferjekapasiteten på sambandet, og peikar på at situasjonen ikkje kan venta til 2030.
Løysingane han skisserer er at det anten vert sett inn ei ekstra ferje, eller at det vert sett inn ei ferge med langt større kapasitet.
Hatvik-Venjaneset er eit kort samband. Overfarten tek berre om lag 12 minutt, og sjølv med éi ferje, får ein relativt hyppige avgangar. Problemet er ikkje først og fremst frekvens – problemet er kapasitet. Folk og bilar kjem ikkje med.
Sambandet vert i dag trafikkert av MF «Årdal», som no går med redusert kapasitet på om lag 75 personbileiningar (PBE), langt under dei 105 PBE som låg til grunn i førre anbod.
På sambandet Halhjem-Våge, der overfarten tek om lag 35 minutt, er situasjonen meir samansett. Også her oppstår det kapasitetsproblem i periodar med stor utfart, feriar og helgetrafikk, eller når for eksempel omfattande veg- og anleggsarbeid fører til auka tungtransport.
Dei siste vekene har vegarbeid på Tysnes-sida ført til lange ventetider for dei reisande. Dette skuldast både auka tungtrafikk og periodar med vegstenging som ikkje tek omsyn til dei sjeldne ferjeavgangane.
Dei neste åra er det planlagt omfattande vegutbetringar mellom Uggdal og Onarheim, og med dagens fergetilbod, må ein rekna med tilsvarande konfliktar framover.
Samtidig er hovudutfordringa gjennom store delar av året dei lange intervalla mellom avgangane. Normalen er rundt halvannan time mellom kvar ferje, medan det på enkelte avgangar kan gå opp mot ein time og femti minutt.
Her går i dag MF «Kommandøren», med kapasitet til om lag 120 PBE. Ferja er designa for relativt korte strekk innaskjers, medan sambandet ho trafikkerer, er eit langt og ope strekk over Bjørnafjorden. Her spelar ver og vind ei langt større rolle enn på mange andre fylkesvegar til sjøs. Såleis er Kommandøren ikkje nødvendigvis den ideelle ferja for dette sambandet, heller ikkje frå eit tryggleiksperspektiv.
Difor bør Vestland fylkeskommune vurdera å snu om på ressursane. La «Kommandøren» gå inn på Hatvik-Venjaneset, der den store kapasiteten verkeleg trengst og overfarten er kort og meir skjerma.
Samstundes kan ein setja inn to noko mindre ferjer på Halhjem-Våge. Dersom ein til dømes fekk to ferjer med kapasiteten MF «Årdal» har i dag, ville ein ikkje berre få langt hyppigare avgangar – den samla kapasiteten i sambandet ville også auka samanlikna med dagens situasjon.
Det vil sjølvsagt krevja tekniske tilpassingar. Ladesystema på sambanda er ulike, og infrastrukturen må byggjast om dersom ferjene skal byta plass. Inntil nye ladesystem er på plass, kan begge ferjene gå på diesel.
Samtidig må det understrekast at utfordringane ikkje kan løysast berre ved å byta om på ferjene. Skal dette fungera, må det også setjast inn ei ekstra ferje på Halhjem-Våge. Med berre MF «Årdal» på sambandet, ville også dette sambandet fått daglege kapasitetsproblem i tillegg til dei lange ventetidene.
Dette er altså ikkje uløyselege problem, det som krevst er politisk vilje. Her bør fylkespolitikarane snu alle steinar for å kunna ta kostnadane inn i neste års budsjett.
Om ein ynskjer utvikling og ikkje nedbygging av bygder og kommunar der ferga er hovedvegen er dette heilt naudsynt politikk.
Å byta ut «Kommandøren» med to mindre ferjer på Halhjem-Våge vil kunna gje:
- kortare ventetid
- meir fleksibilitet gjennom dagen
- betre tilbod for pendlarar
- auka totalkapasitet i sambandet
- meir robust drift dersom ei ferje får problem
- betre grunnlag for vekst og tilflytting på Tysnes
Samtidig vil «Kommandøren» kunna gje Hatvik-Venjaneset den kapasitetsauken sambandet desperat treng allereie i dag.
I staden for berre å diskutera fleire eller større ferjer isolert i kvart samband, bør ein difor sjå meir heilskapleg på korleis ferjemateriellet i regionen vert brukt. Kanskje ligg delar av løysinga allereie ved kai?
Eg vonar difor at den politiske leiinga i Tysnes kommune vert invitert inn i møtet som ordførar Terje Søviknes i Bjørnafjorden kommune no ønskjer å få på plass med Vestland fylkeskommune og Skyss.
Utfordringane på desse sambanda heng tett saman, og løysingane bør drøftast og finnast i fellesskap.
Roger Hoel
Medlem
Tysnes Høgre