Driftsmelding frå Bjørnafjorden kommune.

Stengjer vatnet to stader i kommunen

Både Fusa-sida og Os-sida vert råka på to forskjellige datoar i neste veke.

Publisert

Bjørnafjorden kommune melder på nettsida si at det vert brot i den offentlege vassforsyninga til delar av Holdhusvegen, Skjelbreidvegen, Rindakleivane, Heihillervegen og Hammarlandsvegen tysdag 19. mai mellom klokka 09:00 til 14:00 eller til arbeidet er ferdig.

Det same gjeld delar av Greidalsvegen og Brothaugen onsdag 20. mai i tidsrommet 09:00 til 14:00 eller til arbeidet er ferdig.

Kommunen ber dei som bur i desse områda om ikkje å bruka vaskemaskin i perioden vatnet er stengd. Om vatnet er misfarga etterpå, bør det tappast gjennom med kaldt vatn.

Powered by Labrador CMS