Tommy Sundøy og Monika Nord forelska seg i livet på Sicilia for tre år sidan. No har dei kjøpt draumehuset.

Monika og Tommy har funne draumehuset sitt på Sicilia

– Idyllen er fullkommen. Her skal me slå oss til ro når me blir pensjonistar, ler sambuarparet.

Publisert Sist oppdatert

Ho er kjend som det blide andletet på klesbutikken Lysthuset i Os sentrum. I lag med sambuar Tommy Sundøy har Monika Nord no funne sitt nye og eksotiske draumehus på den italienske øya Sicilia.

– Tommy og eg har lenge hatt lyst på ein eigedom på Sicilia. Me starta å reisa til øya i 2023 og forelska oss med ein gong. Det er noko veldig vakkert ved naturen, klimaet og det autentiske folke- og landsbylivet, fortel Nord.

Paret storkosar seg på øya.

Gardsbruk på 2,5 mål

Paret leita i fleire år før dei enda opp med å kjøpa ein eigedom søraust på øya.

– Me har kjøpt eit gardsbruk like ved småbyen Palazzolo Acreeide. Sjølve gardshuset vart bygd i 1903 og er på kring 110 kvm, men eigedommen er stor. Den er over 2,5 mål, fortel ho.

Dei kjøpte eigedomen i november, og var nede der i jula. No er våren komen til øya og sambuarparet har unna seg ein lang påskeferie.

I tillegg til ei rekkje oliventre og pæretre, har dei også eit par sitrontre.
Klassisk gardshus-stemning, og påskeappelsinane er på plass.

– Me kom ned sist tysdag og skal vera her ut påsken, fortel dei når Os & Fusaposten får ein prat på telefon. 

– Går det an å få ei kjapp vêrmelding frå den grøne middelhavsøya?

– Ja, det er ikkje all verda til godvêr nett no. Me hadde langt finare vêr då me leigde oss ein plass her nede i fjor påske. No er det litt regn og 13-14 gradar. Me håpar det blir litt betre dei neste dagane, seier Nord.

Dei to lever godt med at dei også har kjøpt seg ein god del arbeid.

– Me har mykje som skal gjerast. Nett no held me på i hagen. Me har 20 oliventre, 10 pæretre og ein del sitrontre. Me er ikkje ekspertar og har fått litt hjelp av nokre gartnarar, så får me prøva å læra litt etter kvart, fortel ho.

Den lokale kyrkja i landsbyen.

Har god tid

Dei to karakteriserer huset som relativt godt halde. Likevel er det mykje dei vil og kjem til å måtta gjera.

– Kjøkenet er bra, men me skal skifta golv og skal nok måla ein del. Men me har ikkje dårleg tid.

– Har de sett TVNorge-programmet med Solveig Kloppen og John Brungot der dei pussar opp eit hus i Toscana?

– Hehe, ja, me har sett det, og me har sett den svenske versjonen. Me lèt oss inspirera og må vedgå at kjenner me oss igjen i mange av utfordringane, sjølv om oppussingsprosjektet vårt på langt nær er like omfattande,

– Korleis er det med engelsken i nærområdet?

– Det er heldigvis nokon som snakkar engelsk, men dei er heilt klart i mindretal, ler Monika og Tommy.

Paret frå Bjørnafjorden har falle fullstendig for den sicilianske, landlege idyllen.
Byen dei har slått seg ned i ligg på sør-aust-sida av øya.

Vil dela eventyret

Dei to føler seg privilegerte som har fått kjøpa draumehuset på draumeplassen.

– Det er eit heilt spesielt klima her. Det er verkeleg ein plass å finna roa, slår dei fast.

– Korleis er det med sjø og strand?

– Det er ein halv times køyretur unna. Det kan me leva med.

Monika og Tommy venta litt med å spreia ordet om at dei har kjøpt seg hus på Sicilia, men no er dei innstilte på dela litt av opplevingane framover.

– Me har oppretta ein Instagram-konto ved namn «Monika_and_Tommy» der me har byrja å leggja ut litt om kva me gjer og korleis me har det. Det er kjekt om me kan inspirera andre som tenkjer på å gjera det same.

Powered by Labrador CMS