Røynde: Laila Marie Reiertsen og Marianne Hjelle, begge frå Frp, har vore med i politikken i ei årrekkje.

Kvinnedelen i kommunestyret står på staden kvil. Sjå kva parti som har flest og færrast kvinner

I 2019 passerte kvinnedelen i kommunestyra i Noreg for første gong 40 prosent. Men ikkje i Bjørnafjorden.

Litt betring kan ein kanskje seia at det er. Då dagens kommunestyre vart konstituert i oktober 2019, var 9 av 35 representantar kvinner. I løpet av perioden auka talet til ti.

Det er det same talet kvinner som får plass i det nye kommunestyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2019 passerte kvinnedelen i kommunestyra i Noreg for første gang 40 prosent. Men ikkje i Bjørnafjorden. Her var talet 28,6 prosent før valet, og 28,6 etter valet.

Frp har tre kvinner i kommunestyregruppa si på 13 representantar. Det gjev ein kvinnedel på 23,1 prosent. Lista til Frp hadde rett nok fem kvinner på dei 13 øvste plassane, noko som hadde gitt ein kvinnedel på 38,5 prosent. Men to av dei vart skubba langt nedover på grunn av personrøyster og slengjarar.

I Ap, Sp og SV er 50 prosent av kommunestyrerepresentantane kvinner. Alle som fekk plass i kommunestyret frå desse partia, var kumulerte.

Industri- og næringspartiet (INP) har ingen kvinner blant sine tre representantar. Det har heller ikkje KrF, MDG eller V, men desse partia har berre éin representant kvar.

I Høgre er kvinnedelen på 33,3 prosent. Ut frå lista til partiet skulle han ha vore på 50, men også her førte personrøyster og slengjarar til at partiet «mista» ei kvinne.

Les også
Berre 1 av 4 i kommunestyret var kvinner etter førre val. Vert det annleis denne gongen?
Yngst: Emil Tetlie Brimsholm (31, i midten) er den yngste representanten til Høgre, men òg den yngste i kommunestyret. Her på bedriftsbesøk hjå Inka i august.

Den yngste representanten er 31 år

Heller ikkje på aldersfronten har det skjedd mykje. Det vil seia, mange av representantane har blitt fire år eldre, og snittalderen har også gått opp. I 2019 var snittalderen i det nye kommunestyret 47 år. I dag er han 49,7.

Høgre har både den eldste og den yngste representanten i kommunestyret. Emil Tetlie Brimsholm er yngst med sine 31 år. Hans S. Vindenes vart 71 i vår, og er eldst. Snittalderen i partiet er 49,5.

Etter valet i 2019 vart Frp si kommunestyregruppe «kåra» til den eldste kommunestyregruppa, med ein snittalder på 52,6 år. No har partiet vorte yngre, og endar opp med ein snittalder på 49,2. Det kan ein kanskje takka veljarane for. Dei sytte nemleg for at tre representantar i 30-åra vart del av gruppa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle kommunestyregruppene som tel meir enn éin person, har ein snittalder mellom 47,5 og 53,5. SV er yngst, Sp eldst. Midt inni kjem Ap med ein snittalder på 50,3 og INP med ein snittalder på 53,3.