Aktuelt
Éi melding etter kontroll
Utrykkingspolitiet gjennomførte promillekontroll på Halhjem ferjekai onsdag formiddag.
Det oppylyser politiet i ei melding til avisa.
Der skal 56 trafikantar ha blitt sjekka for rus, utan utslag.
Men kontrollen skal ha resultert i éi melding. Dette grunna køyring utan gyldig førarkort.
Måtte ut med 1.000 kroner kvar
Tysdag hadde Statens vegvesen ny kontroll på Svegatjørn kontrollplass.
Under kontrollen blei følgjande avdekt:
Fire sjåførar fekk tilsaman seks åtvaringar for mindre brot på reglane for køyre- og kviletid. To av førarane fekk også kvart sitt gebyr på 1.000 kroner for to større brot. Her fekk også transportørane to gebyr på 2.000 for dei same brota.
- Ein førar fekk bruksforbod for ikkje å ha trekt ut bakre underkøyringshinder (for stort overheng bak)
- Fem fekk bruksforbod for sikthindrande gjenstandar i frontruta. Her var det snakk om mobilar/gps, namneskilt, plakatar og andre pyntegjenstandar. Gjenstandar som hindra utsyn måtte fjernast før vidare køyring.
- Tre bruksforbod i samband med farleg gods. Her var det snakk om eit mangelfult utfylt transportdokument, ikkje godkjend brannsløkkingsapparat og mangelfull sikring av godset.
- Eit bruksforbod for manglande stadfesting på disposisjonsrett over motorvogn (manglande leige/leasingavtale då transportør ikkje var registrert eigar av motorvogn). Som løyvehavar må du alltid kunna bekrefta disposisjonsretten over den aktuelle motorvogna som vert brukt til den løyvepliktige transporten. Dette for å hindra at løyve ikkje vert "lånt" ut til andre transportørar.
- Sju køyretøy fekk tekniske mangellappar for luftlekkasje, skada kjennemerke, skada frontrute, heng på bremser og manglande skjerming av hjul/skvettlapp.
Tal på tunge køyretøy over kontrollplass: 115
Tal på kontrollerte lette køyretøy: 5
Tal på kontrollerte for manglande bruk av bilbelte: 35
Tal på sendte rapportar: 1
Tal på bruksforbod: 10
Tal på køyretøy med skriftlege manglar: 7
Tal på sjåførar med brot på køyre- og kviletid: 4
Tal på ADR (farleg gods) - køyretøy med brot: 1
Trur gut vart tvungen til å stela
Tysdag kveld ca. kl. 20.12 mottok politiet melding om eit tjuveri frå ein butikk på Amfi Os.
Mest sannsynleg vart guten, som er 15 år, tvungen til å stela av en gjeng, opplyser politiet i Os i ein e-post til Os & Fusaposten onsdag morgon.
Hendinga blir følgt opp i det førebyggjande sporet.
Hattrick på fem minutt
Thomas Stene Spilde blei den store spelaren då Os tok ei ny siger i helga.
Han skåra tre mål i løpet av berre fem minutt i andreomgang av oppgjeret mot Lyngbø på Kuventræ laurdag.
Det var Vegard Leikvoll Moberg som gav Os leiinga i førsteomgang.
1–0 skulle stå seg til det var om lag 15 minutt att. Då skåra Stene Spilde sine tre mål på fem minutt. Som om ikkje det var utruleg nok, fekk også Mathias Sivertsen registrert ei skåring mellom Stene Spilde si skåring nummer to og tre. Os vann med overbevisande 5–0.
Etter å ha opna sesongen med tre strake tap, har dei gule og svarte tre sigrar på rappen der dei har levert til 16–1 i målskilnad, og med det verkeleg fått opp dampen.
Kjempa seg tilbake
Det skal argumenterast godt for å overbevisa nokon om at det er keisamt å sjå Osdamene i aksjon.
På fem kampar denne sesongen, er det skåra 32 mål. Eit snitt på 6,4 mål per kamp.
Dei har skåra like mange som dei har sleppt inn.
Laurdag kveld gjesta Bjarg Kuventræ. Etter to skåringar frå Anna Ferkingstad, såg det ut til å gå mot tap for heimelaget.
Men først reduserte Andrine Brunvatne Kvittingen, før Amalie Aunet Frekhaug på overtid sytte for poengdeling med ei straffeskåring.
Nest nedst på tabellen
Det har butta imot for Lysekloster så langt denne sesongen. Dei har gjort det for vane å ta leiinga, for så å ikkje klara å halda på denne.
Det skjedde også i borteoppgjeret mot Træff søndag.
Skåra: Alexander Dang skåra i borteoppgjeret mot Træff, men Lysekloster reiste frå Molde utan poeng. Camilla Kvamme Ei vanskeleg oppgåve blei tøffare då Kristoffer Nesse Stephensen fekk raudt kort etter 24 minutt, men Alexander Dangs skåring gav Lysekloster ei vitamininnsprøyting rett før kvilen.
Heimelaget utlikna på straffespark etter 69 minutt, før dei kort tid før kampen var omme, tok leiinga og med det sikra seg tre poeng.
Lysekloster ligg på nest siste plass i PostNord-ligaen etter å ha spelt seks kampar.
To frå Bjørnafjorden til landsfinale
Vestland sender 41 deltakarar til landsfestivalen i Trondheim 21.–25. juni innan dei fleste kulturuttrykka og arrangørgruppene.
UKM: Magnus Godøy under UKM Bjørnafjorden i februar. Benjamin Søgnen Olsen Etter først å ha vist seg fram lokalt og regionalt, er to deltakarar frå Bjørnafjrordne klare for Trondheim i juni.
Dei to er Magnus Godøy og Solveig Furu.
Hysja på personar i hage
Politiet tok turen til Lekven natt til søndag. Dette fordi at det skal ha blitt spelt høg musikk på ei adresse i området.
I ein e-post skriv politioverbetjent Anne Lyssand at det var 12 personar ute i hagen på den aktuelle adressa.
– Eigaren fekk pålegg om å dempa musikken, skriv ho.
Meldinga skal ha kome i 02-tida.
Falsk alarm
Kl. 12.44 laurdag fekk politiet melding om ei trafikkulukke via automatisk varsling (E-call). Det viste seg at vedkomande hadde mista mobilen som sende ut e-call, og at alt var i orden.
Råkøyring i Lyshorntunnelen
Kl. 17.27 laurdag fekk politiet melding om ein bil som køyrde i høg hastigheit i Lyshorntunnelen. Bilen vart ikkje kontrollert.
40 personar kontrollert på Halhjemsvegen
Torsdag kveld i nitida gjennomførte politiet ein ruskontroll på E39 Halhjemsvegen. 40 personar vart kontrollerte, men ingen utslag.
Kontroll på Lyseklostervegen
Torsdag kveld gjennomførte politiet ein trafikkontroll i 50-sona på Lyseklostervegen. Resultatet vart fem forenkla førelegg, der høgste fart vart målt til 55 km/t.
Mobilbruk i bil
To personar fekk eit forenkla forelegg etter at dei skal ha brukt handhalden mobil under køyring torsdag.
Politiet skal ha gjennomført trafikkontroll ved 7-Eleven torsdag ettermiddag litt før halv to.
Hjort med tre bein
I området Banktjørnhaugen skal det onsdag ha blitt observert ein hjort, som skal ha mangla eitt bein.
Det skal ha vore ein turgåar som melde politiet om dyret.
Politioverbetjent Anne Lyssand opplyser at viltnemnda blei varsla og tok over oppdraget.
Ringde politiet etter russefotball på Søfteland
Litt før klokka 23 mandag fekk politiet melding om eit russearrangement på Søfteland idrettsplass. Meldar opplyste at det var knust glas, mykje støy og fleire russ som var berusa.
Om lag 40 russ skal ha arrangert fotballturnering på staden.
Politiet dro til staden. Russen rydd fint opp etter seg og forlet plassen om lag kl. 23.
Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein epost til media.
Ungdom trong bistand frå helse
Politiet skal laurdag kveld ha fått melding om ein ungdom som hadde behov for helsebistand på fest i Hagavik-området.
Meldinga skal ha kome inn litt før klokka 22 laurdag.
I ein e-post til avisa opplyser politioverbetjent Anne Lyssand at helse tok over oppdraget.
Fire forenkla førelegg
Resultatet var nok ein trafikkontroll på Halhjemsvegen, var fire forenkla førelegg.
Politiet har søndag kveld vore på plass for å kontrollera trafikantane. Der skal fire førarar ha køyrd for fort.
Kontrollen vart gjennomført i 70-sona, og det er opplyst at politiet var på staden kring klokka 22.30.
– Høgaste hastigheit var 94 km/t, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.
Trafikkuhell i Lepsøykrysset
Laurdag ettermiddag skal ein bil ha køyrd i bilen som stod foran i Lepsøykrysset.
Politiet har ikkje oppretta sak.
– Det er ikkje gjort førarkortbeslag, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Vegtrafikksentralen blei varsla etter uhellet. Ingen av dei involverte skal ha blitt skadd. Det var trafikkdirigering på staden og ein del "nedfall" i vegen.
– Begge førarane blåste til 0,00, skriv Lyssand i ein e-post.
Brannalarmen gjekk i Hegglandsdalsvegen
Natt til laurdag skal ein brannalarm ha blitt utløyst i eit bygg ved Hegglandsdalsvegen.
Politiet opplyser at brannvesenet var på staden, og at sprinkleranlegget i bygget hadde blitt utløst.
Dette skal ha skjed kring klokka 02.00 laurdag.
Mann med tommelen ute i Lepsøykrysset
Politiet rapporterer måndag om ei trafikkfarleg hending ved Lepsøykrysset. Der skal ein mann ha haika langs vegen i 70-sona. Ifølgje politioverbetjent Anne Lyssand skal mannen ha framstått rusa.
– Meldar tok mannen med seg til nærmaste busstopp. Ingen operative tiltak, skriv Lyssand i ein e-post.
Mest leste saker
Bustadnytt
-
Dette leilegheitssalet i Hamnevegen er uvanleg for Os. Sjekk den kraftige kvadratmeterprisen.
-
Os: Sjå kva dei nye eigarane måtte leggja på bordet for 231 kvadratmeter
-
Nytt bustadsal i Os. Pris: nesten fire millionar kroner.
-
Bustadsal i Os: Tomannsbustad frå 2000 gjekk for 3.215.000 kroner – her er dei nyeste transaksjonene.
-
Leilegheit i Os kjøpt for 2.070.000 kroner. Slik er bustadmarknaden i kommunen no.
-
I ei tid med manko på tilfluktsrom kan denne eigedomen vera eit godt kjøp
-
Dette leilegheitssalet i Mobergsbakken er uvanleg for Os. Sjekk den kraftige kvadratmeterprisen.
-
Dei nye eigarane av denne bustaden måtte ut med 5.400.000 kroner
-
Den nye eigaren har nettopp signert papira. Sjå kva bustaden kosta.
-
Heile lista: Så mange millionar kosta den dyraste tomannsboligen i Bjørnafjorden
Ein smak av bygda
Debatt
-
Kommunen blir ikkje rikare av å selje og flytte
-
Vi kan faktisk trylle vekk køane til og frå Bergen
-
Ja til rusfri 17. mai-feiring!
-
Det moralske kompasset skal ikkje svinge
-
1. mai i en skjebnetid
-
La oss ta vare på Vinddalsvatnet – også til idrett og aktivitet
-
Utdanningstilbod i fare: Skulen har hatt slikt tilbod sidan 1994, i ulike variantar
-
På tide å få heilskapleg og forankra kunnskap om gang- og sykkelvegar til Lyseparken
-
Gang- og sykkelveg på Søfteland
-
Åpent brev til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen
Vi e' Bjørnafjorden!
Næringsnytt
-
Nytt i Os: Verkantum AS
-
Føretaksregisteret: Dagleg leiar forlèt Hamnevegen 53 AS
-
Er An Veikro AS registrerer ny adresse
-
Aksjeselskap blir registrert i Os
-
Ny forretningsadresse for Keep On Rockin' AS
-
Dette er dei viktigaste 2024-tala for Drageset Varehus AS
-
Inntektene til Multi Entreprenør AS berre veks, viser rekneskapen
-
Aldri før har Hovland Transport hatt så høg omsetning som i 2024
-
Har etablert seg godt: – Me er 21 prosent opp frå i fjor
-
Her er tala som viser korleis Os Gravferdsbyrå AS gjorde det i 2024