Gunnar Kvåle og Terje Søviknes sammen med aksjonistene.

DEBATT

Hotellplanen bør avisast eller utsetjast!

Blir altfor omfattande for dette avgrensa området.

Kommunedirektøren legg i sitt saksframlegg stor vekt på føremonar ved å byggja eit hotell på Mobergsneset,  men nemner ikkje alle ulempene.

Kommunestyrerepresentantane  har difor eit for lite balansert grunnlag å ta stilling til i denne viktige saka. Det  er dessutan framleis mykje som er usikkert om kva kommunestyret skal ta stilling til når hotellplanen blir handsama 29. oktober.

Dersom det blir vedteke at det skal byggjast eit hotell på Mobergsneset, lurer me på:

· Blir det teke stilling til ulike forslag til talet på etasjar eller skal ei bestemt eller maksimal høgde bli vedtatt?

· Er plassering av næringsbygg ein del av saka eller skal dette handsamast separat?

· Kva skal næringsbygget brukast til?

· Korleis vil stor nok plass til parkering sikrast?

· Kva er risiko for skadar på eksisterande bygg dersom det skal sprengjast to eller fleire  meter ned, for å laga plass til parkering?

· Korleis skal det sikrast at det ikkje skjer ulykker når store lastebilar skal køyra til og frå tomta på den smale vegen mellom blokkene for å fjerna masse?

· Korleis vil tilkomsten for ålmenta til kulturhuset og parkering sikrast i byggeperioden og seinare?

· Korleis kan kommunen sikra at barn og unge ikkje blir skadelidande?

Under handsaminga i plan-bygg- og miljøutvalet (PBM) peika representantar frå fleire parti på mange av  desse ulempene. Likevel vart det ikkje fleirtal for å avvisa planen.

Men også representantar for partia som røysta for (Frp, Høgre og INF) la stor vekt på at dei, i tida fram til handsaming i kommunestyret, vil gå nøye gjennom og leggja vekt  også på ulempene med eit hotell på Mobergsneset , før dei tek endeleg avgjerd  i saka  

Spesielt var representanten frå Høgre i utvalet, Kristin Søfteland-Larsson, svært tydeleg. I følge Os & Fusaposten sa ho mellom anna at Høgre hadde stor respekt for at dette er ei krevjande sak for dei som er råka og at partiet, og at ho fram mot kommunestyret sitt møte 29. oktober, i interesseavveginga mellom dette og planen, ville leggja vekt på merknadane som er komne, og at dette kan vera avgjerande.  

Me vil også visa til  at Erik Vangsnes, som er barn og unge sin representant i PBM, gav uttrykk for at han var uroleg for kva utbygginga vil bety for bruk av Mobergsvikjo.

Han peika på at området gjennom generasjonar har vore eit viktig friluftsområde for innbyggarane i kommunen, og at tilgangen på parkering var ein viktig del av dette , særleg for barnefamiliar og personar med nedsett funksjonsevne.

Mange har i talrike innspel til kommunen peika på korleis eit hotell her vil skada livskvaliteten, særleg  for dei som bur på Mobergsneset og i Kolabakkane, men også for andre i Os. 

I byggeperioden blir ulempene særleg store for bebuarane på Mobergsneset. Då vil bråk og støv frå sprenging og stor trafikk for transport av masse til og frå byggeplassen, gjera det svært utriveleg og vanskeleg, særleg for dei som bur i dei lågaste etasjane.

Dessutan vil  persontrafikk for alle som bur i området, bli hindra. Det blir farleg for gåande, særleg for eldre som bur her, men også for andre på veg til og frå Oseana. 

Livskvaliteten for mange i Os, også for andre enn dei som bur i nærområdet, vil bli forringa. Eit hotell for tilreisande turistar høver ikkje som eit samlingspunkt for bygda, slik kommunedirektøren omtalar det i sitt saksframlegg.

Korleis vil eit hotell, slik han skriv, kunne opne eit nytt byrom og generere turgåing?

Tvert imot vil bygging av eit hotell på Mobergsneset stengja for dette og vera øydeleggjande for ein populær møteplass og eit vakkert friluftsområde for folk i Bjørnafjorden. Samla er det rimeleg å tru at dette vil vera negativt for folkehelsa i kommunen.

På grunn av dei mange ulempene og usikre forhold som er nemnt her, vil det mest ansvarlege vera å avisa planen slik han no ligg føre eller å utsetja saka.

Kommuneadministrasjonen bør få høve til å leggja tilstrekkeleg vekt på dei mange ulempene. Då vil me tru at også  kommunedirektøren vil koma til at ulempene med å lokalisera eit hotell her er større enn fordelane. Ein kan så setja i gang utgreiing av  mogeleg alternativ lokalisering, dersom ein framleis ynskjer å byggja hotell i Os.

Ordførar Søviknes har vist til at det er få andre høvelege stader sentralt i Os. På eit spørsmål om alternativ lokalisering ved overlevering av underskrifter mot hotell i juni, sa han at det ikkje er sett i gang prosessar for å leita etter andre tomter, men, i det han snudde seg peika ut vindauget og ned mot Esso-tomta, svara han elles slik: «Eg tenkjer at det einaste alternativet kan vera tomta der».

Han viste også til at regjeringa skriv at fortetting må tilpassast dei aktuelle områda, og at fortetting som passar i ein storby når det gjeld høgd, tettleik og volum, passar ikkje nødvendigvis i mindre byar og tettstader.

Me vil tru at både Søviknes og andre av representantane frå Frp, saman med Høgre og INF, i si vidare vurdering fram mot møtet 29. oktober, vil leggja vekt på  mange av ulempene me har nemnt her.

Me vonar at dei då, saman med partia som røysta mot kommunedirektøren sitt framlegg i PBM  (Sp, SV og MDG), etter vidare vurdering fram mot møtet,  vil konkludera som oss:

Utbygginga som her er planlagt blir altfor omfattande for dette avgrensa området ved sida av Oseana kunst- og kultursenter og må difor avvisast!

Gunnar og Kirsti Kvåle

Erik Holmefjord og Kirsten Merete Hestnes

Mobergsbakken 12

Kjell og Eli Barman

Mobergsbakken 18

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS