På stand: MDGs første- og andrekandidat, Marie Hauge og Nils-Anders Nøttseter, på stand på Osøyro.

DEBATT

Ikkje skalt og valt med fellesverdiane våre

Får utbyggjarar tura fram som dei vil i denne kommunen? Kvifor betyr det nærmast ingenting kva naboane seier?

Politikarane ligg an til å godkjenna eit hotell som vert for høgt, for tett og for dårleg tilpassa. Naboane har ropt varsku lenge, men saka engasjerer også utover dei som vert direkte råka. 

Det kan tyda på bjørnafjordingane har nådd eit metningspunkt for korttenkt ja-politikk.

Naboane er mest aktive, men som folkevalde vert vi også kontakta av andre oppgitte innbyggjarar som lurer på kva som skjer: 

Får utbyggjarar tura fram som dei vil i denne kommunen?

Kvifor betyr det nærmast ingenting kva naboane seier?

Tja, svarar vi. Ei enkel forklaring er det ikkje, men eit par moment går igjen. 

Den politiske leiinga ser ikkje, eller vil ikkje sjå, at å styra utelukkande etter eit ja-prinsipp har ein kostnad. 

Dei direkte berørte taper både i form av dårlegare bukvalitet og faktisk redusert verdi på hus og eigedom. Innbyggjarane for øvrig misser viktige natur- og landskapskvalitetar, får redusert tilkomst og risikerer å bli framandgjort i eiga bygd. 

Dette tapet blir heller ikkje kompensert – for det viser seg fort at salssummen er låg og avtalane i overkant gunstige for utbyggjar. Sjå berre på intensjonsavtalen for hotelltomta: Kommunen kunne ha venta og fått ein betre deal, men fleirtalet i kommunestyret valde å hausta raskt

Kommersielle utbyggingsprosjekt vert ikkje sjeldan sponsa med uforholdsmessig store kommunale investeringar. Alternativt kan dei sleppa unna med billige løysingar som ikkje står seg over tid – som det håplause vegstrekket forbi dei første bustadblokkene bort mot Oseana. 

Uansett blir utfallet det same: Innbyggjarane tek rekninga. Utbyggjarane får fortenesta. 

MDG har gjenteke til det kjedsamelege at kommunen framover må føra ein langt klokare arealpolitikk for å ta betre vare på det som gjer Bjørnafjorden til ein så attraktiv kommune – gode og tilgjengelege rekreasjonstilbod ved sjøen, i skogen og på fjellet.

Så er også MDG klar over at det kostar å veksa, og at Bjørnafjorden ikkje skal stå på staden kvil. Og visst, vi som kommune må tidvis ta tunge investeringar for å oppnå ønskt utvikling. 

Det vi ikkje godtek er korttenkt og hastig forvalting av fellesverdiane våre. Bjørnafjorden sit på store ressursar – klart vi kan og skal stilla strenge krav til dei som er interesserte i å gjera butikk av desse. 

I hotellsaka kan politikarane visa at dei har lært: Naboane må få reell påverknad. Utbyggjar må tilpasse høgda og volumet. 

Hotellet på Mobergsneset kan til slutt bli eit godt prosjekt, men kommunen må alt i alt få betre kompensert for verdiane vi gir frå oss. Og er ikkje betalinga god nok, så går det an å seia nei.

Marie Hauge

Medlem i utval for plan, bygg og miljø

Nils-Anders Nøttseter

Kommunestyremedlem

MDG Bjørnafjorden

Powered by Labrador CMS