Årets kulturstipend:
Håvard (17) og Nikolai (21) får 20.000 kvar
Kulturstipenda frå Bjørnafjorden kommune går i år til Håvard Breistein (17) og Nikolai Døsen Pontoppidan (21).
Stipenda, kvart på 20.000 kroner, vart delt ut av ordførar Terje Søviknes på kommunen sitt 17. mai-arrangement på Osøyro. Der kunne Håvard ikkje møte då han var på speleoppdrag i Berlin. I hans fråvêr tok mor hans, Karen Johannessen i mot stipendet.
Nikolai var på plass og fekk sjølv gleda av å ta imot og få annerkjent applaus frå folket på Kyrkjeflata.
Dette er 7. året Bjørnafjorden kommune deler ut kulturstipend til unge mellom 16 og 26 år. Målet med stipendordninga er 'å stimulera og inspirera til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet'.
Kommunen opplyser at det i år kom inn 17 søknader - frå 11 gutar og 6 jenter.
— Det har vore fordeling på ulike kunstformer innan musikk, scenekunst og fleire idrettsgreiner, og sterke kandidatar til stipenda for 2026. Det er ikkje lett å samanlikna søkarane. Alle er talent på sine respektive område og fortener eit stipend, skriv kommunen i ei pressemelding.
Stipendmottakarane i år representerer musikk/valthorn og idrett/seglflyging.
Håvard Breistein er 17 år og bur i Os. Håvard spelar valthorn på høgt nivå og deltek i prestisjefulle musikk og orkesterprosjekt i inn- og utland.
Nikolai Døsen Pontoppidan er 21 år og bur i Os. Nikolai er tredje generasjon seglflygar, og deltek på høgt nivå nasjonal og internasjonalt.
— Bjørnafjorden kommune håper stipenda kan bidra til at dei to mottakarane kan satsa vidare og utvikla seg innan sin aktivitet kvar på sitt vis. Bjørnafjorden kommune gratulerer så mykje med stipenda og ønsker lukke til på vegen vidare.