17. mai, Kyrkjeflaten, Osøyro, Os barneskule

Foto-konkurranse:

Send oss dine blinkskot frå 17. mai!

Me vil veldig gjerne dela dine blinkskot frå 17. mai med lesarane våre. Gåvekort ventar ein heldig vinnar.

Publisert Sist oppdatert

Korleis skal du feira nasjonaldagen? Startar dagen med deilig frukost? Skal du til sentrum i Eikelandsosen eller på Øyro og få med deg talar og tog? Blir det feiring i bygda med vener og kjende, på skuleplassen eller heime med familien?

Me vil veldig gjerne sjå dine blinkskot frå dagen og visa fram kor mykje som skjer i Bjørnafjorden på ein stor dag som denne.

Bileta sender du inn her: post@osogfusa.no

Alle som sender inn er med i trekkinga av gåvekort på Capri. 

Me tek kontakt med vinnarane når desse er klare.

Vi ynskjer alle våre lesarar ei strålande fin feiring!

Powered by Labrador CMS