DEBATT
Nei, Hordfast er langt ifrå «nesten gratis» for staten
Ved å trekkje fram einskilde tal og la andre liggje, blir det skapt eit sterkt misvisande bilete av kva det kostar staten.
Jan Ertesvåg, styreleiar i lobbyorganisasjonen «Stavanger2Bergen», freistar i eit nyleg innlegg å selje trafikkaukningsprosjektet Hordfast som ein «nesten gratis» gåvepakke. Ved å trekkje fram einskilde tal og la andre liggje, blir det skapt eit sterkt misvisande bilete av kva det kostar staten.
Ertesvåg hevdar at staten sparer nær 900 millionar kroner årleg på å leggje ned ferjer. Det han ikkje samstundes fortel, er kva det kostar å eige og drifte ein 55 kilometer lang motorveg med ei flytebru over Bjørnafjorden, ei av verdas lengste hengebruer over Langenuen og lange, undersjøiske tunnelar i det røffe vestlandsklimaet.
Tal frå Sotrasambandet – som no blir bygd – viser at årlege betalingar for drift og vedlikehald ligg i storleiksorden nær to prosent av investeringskostnadene. Hordfast er langt meir omfattande, med mykje lengre bruer, djupare tunnelar og meir eksponert konstruksjon.
Sjølv om ein berre anslår at Hordfast blir fire gonger så kostnadskrevjande i årleg drift – noko som neppe er urimeleg gjeve omfanget – snakkar vi om rundt éin milliard kroner i året. Staten byter éin løpande kostnad mot ein annan, samstundes som han påtek seg ei investering på titals milliardar.
Det blir òg hevda at momsrefusjon gjer prosjektet langt billegare. Men denne avgifta er i praksis ei intern overføring i staten, og alle vegprosjekt har moms med i reknestykket. Hordfast er ikkje noko unntak.
At pengar blir flytta mellom budsjettpostar, endrar ikkje kor mykje betong, stål og arbeidskraft som faktisk må brukast. Staten må framleis finansiere heile investeringa. Det er difor høgst diskutabelt om moms kan brukast som eit reelt «innsparingsargument».
Eit anna forhold som elegant blir forbigått, er kapitalkostnaden. Basert på Rogfast (12 år) og E16 K5 (13 år), er reell byggjetid minst 10 år. Kapital som blir bunden opp i ti år under bygging, har ein alternativ bruk og skal difor forrentast. Med ei investering på minst 60 milliardar kroner, vil reine kapitalkostnader kome opp i over 10 milliardar (ved 3 % realrente) før første bil passerer. Dette er ein realitet i alle store statlege prosjekt – òg her.
Ertesvåg reknar inn nye vegar og ferjeleie på Austevoll og reknar med driftsutgiftene av desse, men "gløymer" også her kva det kostar å byggje desse. Etablering av ny veg og ferjeleie på Reksteren og Austevoll, samt nye tilkomstvegar, er milliardinvesteringar fylkeskommunen blir sitjande med åleine. I tillegg må fylket framleis drifte Huglo-ferja, då øya ikkje blir landfast.
På toppen av det heile viser Ertesvåg til eit dokument frå Statens vegvesen (2015) for å “prova” at bilistane kan finansiere eit bompengelån på 14,5 milliardar. Hadde han lese dette nøye, seier dette notatet at dersom personbilane betaler ein skyhøg bomtakst på over 407 kroner per passering over 20 år (1.222 kr for tunge køyretøy), så kan dei finansiere eit bompengelån som dekkjer inntil 11 milliardar, ikkje 14,5 milliardar.
Notatet slår fast at så høge bompengar vil føre til ei betydeleg avvising av trafikk. Alt dette er grundig skildra i rapporten frå Vista Analyse i 2025.
I kjend tradisjon ignorerer lobbyorganisasjonen ikkje-prissette kostnader for samfunnet. Særleg naturrekneskapen er katastrofal, då Hordfast krev massive inngrep i unik og sjeldan natur på Tysnes og Reksteren. Når vi byggjer ned natur, mistar vi verneverdig biologisk mangfald og naturlege karbonlager som aldri kan erstattast med pengar.
Hordfast er dessutan berre starten. Vidare motorveg sørover frå Heiane til Bokn er anslått å koste over 35 milliardar kroner, utan at det finst ferjer her som kan leggjast ned for å pynte på reknestykket.
Det er hard kamp om samferdslemidlane. Vår realitetssjekk viser at Hordfast er svært dyrt for staten. For oss i Norges Miljøvernforbund og Naturvernforbundet er prioritering av vedlikehald, rassikring og “gul stripe” på vegane mellom Stavanger og Trondheim mykje viktigare enn å binde opp alle midlane i naturøydeleggjande høgrisikoprosjekt som Hordfast.
Roald Kvamme
Norges Miljøvernforbund
Tom Skauge
Naturvernforbundet i Hordaland