Elevar ved Borgafjellet barneskule har skrive lesarinnlegg om Esso-tomta og hotellet ved Oseana.

DEBATT

No er det nok!

For det første, det er nok leilegheiter i sentrum.

Eg er elev på 6. trinn på Borgafjellet barneskule og eg ser at kommunen har bygd mange leilegheiter i Os sentrum. No har eg høyrt at det er planar om leilegheiter med fire etasjer på Esso-tomta. Det skjønar eg ikkje.

For det første, det er nok leilegheiter i sentrum, men vi treng meir plass der folk kan vera ute.

For det andre, treng vi ein bensinstasjon for båtane og dei som ikkje har ein elektrisk bil.

For det tredje: Det blir mykje bråk for dei som bur i leilegheitene.

Dessuten er det altfor høgt. Leilegheiter med fire etasjar passar ikkje der.

Amund Hanken

Elev 

Borgafjellet barneskule

 

Hotell ved Oseana?

Denne saka handler om at kommunen vil ha hotell ved Oseana.

Eg syntes ikkje at dei burde byggja ved Oseana.

For det første: Når folk på hotellet er på romma sine, kan dei sjå inn i leilighetene til dei som bur der. Det syntes eg ikkje er greit. Folk må få lov å ha privatliv!

For det andre: Dei på kulturskulen blir kasta ut fordi de skal byggja. Det er faktisk ikkje greit! 

Dette er ein stad der folk i alle aldrar kan vera på fritida og kosa seg. Det er ca 450 barn som brukar kulturskulen kvar veke. 

Meiner kommunen at dette ikkje er så viktig?

Dessutan er det hus rett bak, og då kan dei ikkje byggja eit høgt hotell framfor. 

Når hotellet blir bygd så høgt og bilane køyrer forbi, så kjem lyden tilbake til husa som ein sprettball.

 

 

Viss du ser på biletet, ser du at det på venstre side er ein bilveg og hus lengre oppe som bare får bråk inn til seg og ikkje privatliv.

Lilje Bødker Beisland

Elev 

Borgafjellet barneskule

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS