Tre år etter at politikarane bestemte seg for å behalda brannvaktordninga i Eikelandsosen er ho igjen i fare.

DEBATT

Kjære Terje - ordføraren «vår»

Eg har stor respekt for politisk uenigheit. Men dette er noko anna.

Aller først. Dette brevet skriv eg ikkje til deg som vararepresentant for Arbeiderpartiet. Dette brevet skriv eg til deg som innbyggjar i Bjørnafjorden kommune. 

For eg slit med ein ting. Eg slit med forholdet mitt til deg som «vår» ordførar. Og eg har slite lenge. Eg skal være dønn ærleg med deg no. Eg slit faktisk så mykje med forholdet mitt til deg, at når eg treffer deg i gangene på rådhuset, eller passerer deg på gata i Os sentrum, så er det blitt vanskeleg å sei hei til deg, og gje deg eit venleg smil.

Og sannheten er at det synst eg er litt vondt. For eg er vaksen nok til å forstå at sjølv om eg ikkje er einig med politikken din, og riv meg i håret når eg les meiningane dine i media, så respekterer eg deg likevel. Og så godt er eg oppdregen, at eg derfor nikkar vennlig hei når eg treffer på deg. Men det gjer vondt.

Og veit du kva det eigentleg handlar om, Terje? Det handlar om at eg er sint. Sint på deg som ordføraren «vår». Og ein skulle tru at eg var sint fordi eg er ueinig med politikken din, men veit du kva? Det er eg ikkje. For eg har stor respekt for lokalpolitikarar uansett kva parti dei representerer. Og eg har stor respekt for politisk uenighet. 

Dette er noko anna. Eg er sint fordi du som ordføraren «vår» ikkje ser oss; mindretalet som kjem frå den andre sida av kommunen. Fusa. 

Og no kan eg berre forestille meg kva du tenkjer. Og fordi eg er så sint på deg, så har eg allerede forut-bestemt at du tenkjer dette: «Ånei… ikkje ein sånn til». «Ikkje endå ein fusing som er fornærma for at me legg ned endå fleire tjenester i den delen av kommunen». 

Jo, Terje, eg er «ein sånn til». 

Og denne gongen klarar eg ikkje lenger å vere stille.

Har ikkje lenger trua

Vanlegvis så ville eg med andre personar eg var sint på, bedt om ein prat, ein dialog, og eg ville ha snakka med dei om det som gjorde at eg var sint. Eg er òg som sagt vaksen nok til at eg ville sett på meg sjølv, om det var noko eg sjølv kunne endra for å ikkje vere sint, og eg hadde hatt trua på at med ein god samtale og dialog, så ville sinnet mitt ha gått over. 

Eller eg ville akseptert det, gått vidare, og ikkje hatt noko med denne personen å gjere meir. 

Men med deg blir det vanskeleg. For eg MÅ forholde meg til deg. Kvar dag. Fordi du er ordføraren «vår». Og eg har heller ikkje trua på at du i din travle kvardag ville ha teke deg tid til å prate med meg. For eg er jo berre ein innbyggjar som er sint på deg. Og det trur eg du lever fint med. Du er tross alt politikar og veit at du ikkje kan gjere alle til lags. 

Mest sannsynleg ville eg og ha sete i ein stol på kontoret ditt og grene. 

For dette betyr noko for meg. Dette betyr noko for oss på andre sida av fjorden. 

Og det ville jo ikkje vore verken berekraftig eller konstruktivt at eg sat foran deg og grein. 

For heilt ærleg; eg er såpass sint på deg, at eg har ikkje trua på at det ville betydd noko for deg. Eg har ikkje trua på at du ville brydd deg om det. 

Derfor Terje, så skriv eg dette brevet til deg. Og eg sender det gjennom lokalavisa vår. For eg har til og med ikkje trua på at eg ville fått svar andre plassar. Og eg er faktisk litt usikker på om eg har trua på at eg vil få eit svar her og. Ikkje det svaret eg ynskjer, i så fall. At du ser meg. At du ser oss. Innbyggjarane på andre sida av fjorden som du òg er ordføraren til. 

Heia på samanslåinga

For eg er lei, Terje. Eg er lei av å lese dei overfladiske og generelle svara dine om kvifor du og Framstegspartiet, saman med Høgre, synst det er ein så utruleg god idé å legge ned vaktordninga på brannstasjonen i Eikelandsosen. 

Og før det var det rehabiliteringa på FBBS, og før det var det legevakta i Eikelandsosen, og innimellom der ein plass, var det kommunetunet i Eikelandsosen.

Eg er lei, Terje. Og eg er sint. Og eg trur du begynner å ana konturane av kvifor.

Når gamle Fusa og Os kommune slo seg saman til Bjørnafjorden kommune, så var eg ein av dei som heia på dette. Eg var sjukepleiar og eg valgte å jobbe på Os-sida lenge før me vart Bjørnafjorden. 

Fordi fagmiljøet var større, og eg vaks i det.

Og eg heiar fortsatt på Bjørnafjorden. For eg har genuint trua på at ein større kommune har større moglegheiter. Og større moglegheiter gjev større valgfrihet.

Men. For det er eit «men», Terje. 

Det virkar for meg som at du har gløymt at Bjørnafjorden kommune består av to delar. Og det virkar for meg som at du har bestemt deg for at den eine delen, den minste delen, den delen i utkanten, ikkje har noko betydning. Ikkje har noko verdi. For du legg ned alle tenestene i den delen. 

Og når eg seier du, så veit eg at det ikkje er du aleine som gjer det. Du har tross alt med deg dine med-representantar frå Frp, Høgre og KrF. Men det er du Terje som talar sakene i media. Det er du, Terje, som er ordførar. Ordføraren «vår».

Skal me straffast for at me bur på denne sida av fjorden?

Derfor lurer eg på ein ting. Og eg vil du skal svare meg ærleg på dette. Og om ikkje du kan svare meg ærleg, så la berre vera å svara i det heile tatt. For eg orkar ikkje meir «generelt». Eg orkar ikkje meir «overfladisk». Eg orkar ikkje meir «svada». 

Så lei er eg. Så sint er eg.

Ville du gjort dei samme vurderingane, og ville du teke dei same avgjerslene om du budde på Fusa-sida av kommunen? Eg trur det ærlege svaret ditt på det er: NEI. Men eg trur likevel du vil svare «ja, for du valgte å ikkje bu på den sida av fjorden». Då lurer eg vidare på, kjære Terje; skal me straffast for at me bur på denne sida av fjorden, me som har valgt nettopp det? Og skal dei som bur heilt i utkanten, til dømes Austrepollen, straffast endå hardare? Er det slik at du gjer dette for at alle skal flytte til Os, eller i så fall nærmare sentrum? 

For eg slit med å forstå det. Eg slit med å forstå vurderingane og avgjerslene. Eg slit med å forstå at det handlar om pengane. For som sagt eg er vaksen. Eg veit kva det kostar å løne eit usikkert tal av brannmenn som skal være i beredskap 24/7, og måtte rykke ut til ein brann i Austrepollen. Eg veit kva det kostar å løne dei dersom dei kjem,. alle saman. Eg veit kva det kostar å løne dei dersom det skjer på ein raud dag. Og eg veit kva det kostar dersom dei berre kjem fire, fem stykk. Ikkje berre kostar det i kroner og øre. Men det vil kome til å koste menneskeliv òg. Og eg har så lite tru på deg, og er såpass sint, at eg veit heilt ærleg ikkje om det ville betydd noko for deg…

Vart du sint no når eg skuldar deg for det? Då veit du korleis sinnet mitt kjennest ut og. Kjenn litt på det når du no les vidare.

Skal Fusa-sida rammast av ALLE kutta?

Det tar ein time å kjøre frå Eikelandsosen til Austrepollen. Det tar 20 min å kjøre frå Bergen til Os. Kvifor, Terje, ser du ikkje på endringar på Os brannstasjon, og/eller legevakta på Moberg? 

Kvifor ser du ikkje på eit samarbeid med Bergen på det området? Politiet i Os og Bergen har klart å samarbeide geografisk på tvers av kommunegrensene. Kvifor skulle ikkje brannvesen og legevakt på Os også klare det?

Kvifor Terje, er det slik at Fusa-sida skal rammast av ALLE kutta denne kommunen må gjere for å overleve den økonomiske situasjonen? 

Kan du forstå korleis det verkar for oss som bur her? 

Og klarar du å leve med det, som ordføraren vår, at me har så lite tru på deg? Klarar du å leve med det, at det er eit heilt innbyggjar-slag på den andre sida av kommunen som har mista trua på deg, ordføraren «vår», vurderingane og avgjerslene? Klarar du å leve med at me har mista trua på at ordføraren «vår» ser oss? Klarar du å leve med at me ikkje lenger trur på at du klarar å ta avgjersler i tråd med at Fusa og Fusa-folket også betyr noko, og har ein verdi for kommunen?

For eg har ikkje lenger trua på at du er ordførar for alle. Og kanskje var du aldri det. Kanskje er du berre ordførar for dei som stemte på deg. Kanskje er du berre ordførar for dei som bur på Os. Kanskje var det eg som var naiv og tenkte at sjølv om eg ikkje stemte på deg, så hadde eg likevel trua på at du ville ta dei vurderingane og avgjerslene som var til det beste for «heile» Bjørnafjorden kommune. 

Så feil kan man altså ta.

Skuffa, lei og trist

Og eg kjenner at no når eg har skrive heile dette brevet, så er eg ikkje lenger sint. Eg er skuffa. Eg er lei. Men mest av alt er eg trist. 

Trist fordi det snart ikkje er noko att på denne sida av fjorden. Trist fordi forskjellane mellom Os og Fusa er blitt så store at det snart ikkje lenger er alle innbyggjarane sin kommune. Trist fordi kommunen som eg hadde så trua på, ikkje vart min kommune, vår kommune. Trist fordi at det eg hadde så tru på, forsvann som sand gjennom fingrane mine. Men det tristaste av alt, kjære Terje, er likevel det faktum at det virkar som at ordføraren «vår» ikkje bryr seg. 

Åse Kristin Uglehus 

Innbyggjar i Bjørnafjorden kommune. 

Powered by Labrador CMS