DEBATT
Politikarane har fått tunnelsyn att
At eit hotell skal gi ny ære og redda livet på Øyro, er eit luftslott som politikarane i neste omgang kan krangla om kvifor gjekk galt.
Politikarane har fått tunnelsyn att - som i mange andre saker. Dei sist månadene har det gått hett for seg om både høgde og ballongar for å visa visuelt korleis eit luftslott av eit hotell blir ved Oseana.
At eit hotell skal gi ny ære og redda livet på Øyro, er eit luftslott som politikarane i neste omgang kan krangla om kvifor gjekk galt.
På ein av dei trongaste stadene, skal det pressast inn på nabolaget eit storslått luftslott som er utanfor alfarvei for E39. Utsikt kan det gje, men dei fleste vil sjå rett inn i andre sitt privatliv og betong.
Me har allereie eit hotell i bygda, og sjølv om eg ikkje har peiling på bransjen, er den nok tøff nok som den er. Bjørnafjorden gjestetun fekk det visst ikkje til. Korleis trur kommunen då at dei skal klara å fylla 200 rom?
Nei, ta og flytt det heile til mellom tunnelane slik at det vert lettare tilgjengeleg for dei som ferdast langs landevegen. Ei natt eller to kan nok vera naturleg, og særleg dersom hotellet rommar reit basseng òg. Osbadet byrjer vel å bli for lite, sjølv om det er ein digresjon.
Mellom tunnelane ferdast folk og det er enkelt å bussa i begge retningar. Langtransport ferdast der òg, med sjåførar som kan trengja å spyla seg, få seg ein matbit og strekkja seg ut i ei god seng. Særleg dersom dei kan få parkert doningen sin.
Med ei slik løysing kan alle få både fred og ro. I Endelausmarka finst det ikkje naboar som treng nattero.
Anita Skippervik