DEBATT

Slava Ukraini!
Slava Ukraini! Ukraina treng oss no. Meir enn nokon gong. Og du kan bidra.
Eg vart, som dei fleste andre, forferda og sjokkert over president Trump og visepresident Vance sitt respektlause møte med president Volodymyr Zelenskyy. At Trump er ein katastrofe for USA er ikkje noko nytt, men den destruktive linja han legg seg på i internasjonale spørsmål er så usmakleg at eg har ikkje ord.
I januar reiste eg til Ukraina saman med fleire andre frivillige for å levere køyretøy og utstyr som er samla inn av organisasjonen Fritt Ukraina. Vi hadde med 13 bilar - ei blanding av pickupar og varebilar - pluss ei Scania trekkvogn som kan trekke artilleri på opptil 78 tonn. Vi leverte også aggregat, medisinsk utstyr og dronar.
Fritt Ukraina er ein ideell organisasjon utan statleg støtte. Alle midlar er frivillig samla inn frå privatpersonar og bedrifter, og kvar krone går direkte til å skaffe og levere naudsynt utstyr til Ukraina. Føremålet er å støtte dei ukrainske styrkene som risikerer liva sine for demokratiet og ei regelbasert verdsordning.
Mitt bidrag var å frakte ein VW Transporter frå Noreg, gjennom Europa og inn i Ukraina der han vart overlevert i Lviv. Det var eit lite bidrag, men like fullt betydningsfullt. Saman med andre frivillige har vi no gjennom meir enn 60 slike konvoiar levert over 400 bilar, meir enn 2.000 overvakingsdronar, førstehjelpsutstyr og anna som soveposar, kommunikasjonsutstyr, generatorar, påhengsmotorar, gravemaskinar og meir. Denne frivillige bistanden reddar liv og hindrar invasjonsmakta Russland si framdrift.
Ukraina kjempar ikkje berre for seg sjølv. Dei kjempar for oss og for alle demokrati. Deira siger er vår siger. Om Putin skulle lukkast i Ukraina, vil det sende eit tydeleg signal til andre autoritære leiarar om at militærmakt kan brukast til å endre grenser i Europa utan konsekvensar. Ukrainarane står no i frontlinja for å forsvare prinsipp som territorial integritet, folkeretten og retten til sjølvbestemmelse – verdiar som er grunnleggjande for fredeleg sameksistens i Europa. Kvar dag ukrainske soldatar held stand, er ein dag der dei forsvarer ikkje berre sitt eige land, men òg den internasjonale rettsordninga som har sikra fred og stabilitet i Europa i meir enn 70 år. Det er difor i vår eigen interesse å sørgje for at dei har ressursane dei treng for å lukkast i denne kampen.
Sjølv om det kostar å støtte Ukraina, er det langt billegare enn å la Russland og andre autoritære regime få operere utan motstand. Noreg har tent enorme summar på energiressursane våre som følgje av krigen, men bidraget frå den norske staten er beskjedent samanlikna med desse inntektene. Medan vi ventar på at regjering og storting skal bidra monaleg meir til at Ukraina kan stå imot invasjonen, kan vi alle gjere vår del.
Du kan støtte ved å gje pengar til Fritt Ukraina (frittukraina.no) og andre norske aktørar, eller direkte til Ukrainas innsamlingssystem (u24.gov.ua).
