DEBATT
Snipp, snapp, snute - er eventyret ute?
Dette er vondt for den tapande parten som har jobba hardt for å berga idrettslaget og anlegget rundt det.
Eg er så heldig at eg har vore vitne til ei eventyrleg ferd for Lysekloster Idrettslag gjennom 80 år. Det har sjølvsagt gått opp og ned gjennom åra, men idrettsgleda har blomstra i friidrett, fotball og håndball m.a. Skeiseløp var òg populært.
Eg og mannen min vart friidrettsdommarar då eldstejenta var ivrig i friidrett. Fotball har alltid vore ein viktig aktivitet, men først i 2005 vart det lagt planar for å koma seg opp i divisjonane. Og det lukkast eldsjela Svein Kollen med.
Lysekloster Idrettslag har dette året spela i 2. divisjon, noko som vart for mykje for enkelte.
Og for eit år dette skulle bli!
Alt i fjor byrja bråket. Det var misnøye med at ungane ikkje hadde eit godt nok tilbod, og at økonomien ikkje var ivaretatt på ein god nok måte.
Og Trond Mohn såg ut til å ha missa interessa for laget. Han er æresmedlem og har med årlege tilskot bidratt til at Lysekloster har fått eit flott anlegg, som har hausta mykje skryt. Veterangjengen har sett si ære i at anlegg og bane skulle skina under kampane.
Og det vart etterkvart god stemning på tribunen, med ein gjeng ungar og vaksne som heia på laget, men dette skulle òg få seg ein knekk.
Det vart tidleg snakk om mistillit til styret, frå enkelte nyinnflytta, og eg er kjent med at det var ein vervekampanje for å få folk med på dette.
Kravet om eit ekstraordinært årsmøte kom i byrjinga av året, og vart slått saman med årsmøtet 18. mars i år. Der møtte det ein heil del nyverva medlemer og også personar som ikkje hadde betalt all skuld til laget. Desse fekk likevel stemma, men utan at det var formell avstemming om dette på møtet. Det berre glei gjennom, liksom.
Denne inkurien gjorde at mistillitsforslaget vann fram, og det var duka for val av eit nytt styre. Vi var då fleire som gjekk frå møtet før valet, noko som visstnok er vanleg i slike høve.
Vi trudde faktisk at det nyvalde styret hadde planar klare om økonomi og drift.
Dei kan dei ikkje ha hatt, for etter 12 dagar slo dei laget konkurs uten forvarsel.
Noko usikkerheit må ha lege i lufta, for same dag - og før vi visste om konkursen - ba 39 medlemer om ekstraordinært årsmøte.
Denne innkallinga er det aldri kome noko svar på, og er eitt av ankepunkta når saka no har gått vidare.
Det er kome signal i ettertid om at konkursspørsmålet vart teke opp dagen ettter årsmøtet. Det kan sjå ut til å vera anerkjent i tida at har ein skuld, er dert berre å slå seg konkurs, så får kreditorane ta tapet.
Kan ein slik uetisk og usmakeleg tankemåte ha sneke seg inst i samfunn og økonomisk undervisning for å frigjera seg for gjeld på ein lettvint måte?
Det gamle styret hadde allereie før årsmøtet sikra seg ein hovudsponsror som ville støtta den gamle gjengen, men var skeptisk til sytarane.
Konkursen vart anka, og det vart vist til feil på årsmøtet i høve til idrettsforbundet sine reglar om at ein ikkje får stemma hvis ein har skuld til laget. Denne regelen har vore strengt praktisert tidligare. Det har også vore vist til passivitet i høve til kravet om ekstraordinært årsmøte som aldri vart avhalde.
Konkurskravet har no vore handsama både av tingretten og sist av lagmannsretten. Begge rettane har slått Lysekloster Idrettslag konkurs. No er det ny ankefrist for høyesterett.
Kva som vil skje vidare, veit eg ikkje, men kanskje har saka ei prinsipiell side som burde vore belyst av Høgesterett.
Det er vondt for den tapande parten som har jobba hardt for å berga idrettslaget og anlegget rundt det.
Eg mistenkjer den nye Z-generasjonen for ikkje å vita kva dei går til.
Dei har gjort eit skikkeleg dumt trekk med å gje avkall på ekspertisen og innsatsviljen som har vore i klubben., og dei har delt innbyggjarane i to. Folk har slutta å helsa på kvarandre. Det minner litt om stemninga etter skulestriden i Os for mange år sidan.
Tida vil visa kva dei klarar, men dei gjev no avkall på A-laget som eigentleg er ein inspirasjon for barnefotballen, og ville ha kunna bidratt til eit godt fotballmiljø.
Og Lysekloster Idrettslag vil slutta å eksistera, dessverre.
Else Marie Nordland