Vår oppgåve er å sikre medverknad, dialog og informasjonsutveksling.

DEBATT

Vi sit ved bordet – men vi tek ikkje avgjerdene

Tillitsvalde blir stadig trekte fram som ein del av omstillingsarbeidet i Bjørnafjorden kommune. No åtvarar hovudtillitsvalde mot å blande saman medverknad med avgjerdsmakt.


I fleire innlegg og debattar den siste tida har det vore vist til at tillitsvalde deltek i prosjektarbeid og omstillingsprosessar i Bjørnafjorden kommune. Det stemmer.

Samtidig ser vi at det kan oppstå uklårleik om kva rolle vi hovudtillitsvalde faktisk har.

Deltaking ikkje det same som makt. Difor ynskjer vi å bidra med ei oppklaring.

Når hovudtillitsvalgte deltek i prosjektgrupper, arbeidsgrupper og andre partssamansette forum, skjer dette med grunnlag i Hovudavtalen mellom kommunesektoren sin organisasjon KS og og arbeidstakarorganisasjonane.

Representerer dei tilsette

Vår oppgåve er å sikre medverknad, dialog og informasjonsutveksling. Vi skal representere dei tilsette, løfte fram erfaringar frå tenestene og bidra til at konsekvensar for arbeidsmiljø, kvalitet og tenester blir vurdert før avgjerder blir tekne.

Kven bestemmer?

Det betyr ikkje at vi er med og vedtek løysningane, slik det kan framstå av innlegg i lokale medium den siste tida.

I den offentlege debatten blir det stundom vist til at administrasjon, fagfolk og tillitsvalde har delteke i arbeidet med ulike prosjekt og planar. Det er riktig, men deltaking i arbeidet er ikkje det same som avgjerdsmakt.

At vi sit rundt same bord som administrasjonen, betyr ikkje at vi har same roller, mandat eller ansvar.

Medverknad er ikkje mynde

Administrasjonen eig prosessane og utarbeider forslag. Fagpersonar bidreg med faglege vurderingar. Tillitsvalgte bidreg med arbeidstakarane sine perspektiv og sikrar medverknad.

Dei endelege avgjerdene vert tekne av arbeidsgjevar, og der det er aktuelt, av politiske organ.

Organiserte tilsette gir sterkare medverknad

Nokre gonger får vi gjennomslag for synspunkta våre, andre gonger ikkje. Det er ein naturleg del av samarbeidet mellom partane.

Vår oppgåve er ikkje å vere samde med arbeidsgjevar i alt, men å sørgje for at dei tilsette sine bekymringar og tilbakemeldingar kjem fram før avgjerder blir tekne, og at arbeidsgjevar har best mogleg avgjerdsgrunnlag før saka vert vedteken.

Vi følgjer med

Dette er kjernen i trepartssamarbeidet som norsk arbeidsliv bygger på. Eit godt samarbeid mellom arbeidsgjevar, arbeidstakarorganisasjonar og politiske styresmakter skal sikre best mogleg grunnlag for avgjerder.

Men partane har ulike roller. Tillitsvalde er ikkje en del av leiinga, og vi er ikkje med og fattar vedtak.

Organiser dég

Samtidig ynskjer vi å understreke kor viktig det er at arbeidstakarar vel å organisere seg og engasjere seg i arbeidsplassen sin. Tillitsvalde representerer ikkje eigne meiningar, men arbeidar for medlemene sine.

Styrken i medverknaden er avhengig av at tilsette deler erfaringar, kjem med innspel og vel å være fagorganiserte. Eit godt trepartssamarbeid krev sterke og ansvarlege partar på begge sider av bordet.

Vi kjem også i framtida, i lys av hovudavtalen, til å delta aktivt i omstillings- og utviklingsarbeid i kommunen. Vi kjem til å stille spørsmål, utfordre når det er nødvendig og løfte fram dei tilsette sine perspektiv. Det er oppdraget vårt.

Men det er viktig at innbyggjarane kjenner til skilnaden mellom å ha medverknad, og å ha avgjerdsmakt.

Vi er med i prosessen, men vi tek ikkje avgjerdene.

Siw-Ingrid Kaland, Trond Olav Solholm, Jan Åge Samnøy Hauge

HTV i Fagforbundet Bjørnafjorden

Cathrine Johannessen Røsland

HTV Norsk Sykepleierforbund

Anne Grethe Pedersen, Marita Snilstveit

Delta

Nora Elisabeth Nilsen

Norsk Ergoterapeutforbund

Kristi Ane Lyssand Klepsvik

HTV, Fellesorganisasjonen (FO)


Powered by Labrador CMS