Bjarte Halhjem og Tore Sælen gler seg over å ha sikra mykje arbeid i verkstaden i Heggalandsdalen i mange år framover.

Jobba med anbod i eitt år. No har dei landa kontrakt til 200 millionar

Johs Sælen og Sønn AS har landa kjempekontrakt med Vestland fylke.

Publisert Sist oppdatert

Det er god stemning i det kring 2.000 kvm store lokalet til Johs Sælen & Sønn i Hegglandsdalen. I verkstaden går produksjonen for fullt og i administrasjonen kan dei tilsette gratulera kvarandre med å ha landa tidenes avtale.

– For ei kjensle det måtte ha vore å ha jobba eit heilt år og så tapa kampen om ein slik kontrakt...?

– Han er så beskjeden. Han vil ikkje stikka seg ut på noko vis.

Bjarte Halhjem

– Men for ei kjensle det var å vinna, gliser dei to ved bordet i Johs Sælen sitt møterom i Hegglandsdalen.

Firmaet vann anbodsrunden og skal byggja leskur for Vestland fylke dei neste fire åra. Avtalen har stor verdi på mange måtar.

– For det første sikrar det oss arbeid i mange år framover. Dessutan er det eit bevis på at me leverer kvalitet. Det styrkjar oss som selskap ut i marknaden, konstaterer Bjarte Halhjem. 

Han er prosjektsjef i firmaet. Sjølv om 29-åringen berre har vore tilsett sidan i fjor sommar, er han godt oppdatert på både historikk og tal.

– Det er ein av grunnane til at eg vil ha Bjarte med på intervjuet. Han er mykje betre på tall og slikt enn meg, smiler Tore Sælen.

Tore Sælen har styrt skuta sidan 2008. Bygget bak reiste dei i 2013.

Tredje generasjon pluss, pluss

For det er Tore som styrer skuta. Det har han gjort sidan 2008. Far hans, Bjørn, var med nokre år etter det også, men i stor grad har ansvaret lagt på Tore sine skuldrer.

– Eg har vel hatt litt ansvar, seier 46-åringen smålåtent.

– Han er så beskjeden. Han vil ikkje stikka seg ut på noko vis, ertar Halhjem.

Firmaet har seks ingeniører som sit og teiknar. Martyna Kochel har jobba i bedrifta i seks år.

Uansett kan Tore stolt slå fast at han har teke godt vare på familieføretaket, som har ei lang og innhaldsrik historie.

— Det var bestefaren min, Johannes, som stifta dette firmaet i 1978, men eg er vel strengt tatt femte generasjon eller noko slikt, seier Tore og peikar på eit skilt på veggen: «Stolte produsentar av stål sidan 1859».

– Forfedrane mine har drive smedverksemd i Os sentrum i alle år. Dei heldt til der Jernia Sælen ligg i dag.

Då dagens firma vart stifta, starta dei opp i nybygde lokale ved Valle bru, der lefsebakeriet heldt til. I 2013 bygde dei nytt i Hegglandsdalen.

På veggane heng det bilete av byggjeprosessen. Stålkonstruksjonane er tydelege.

– Overraskande at de ikkje bygde i tre?

– Stål, stål, stål. Det er det det går i her, ler Tore.

Hovudverkstaden er på 1.600 kvm. Her byggjer dei stålsøyler til eit bygg i Loddefjord.

35 tilsette 

Bidraga i heimkommunen har vore mange. Det ferskaste oppdraget var Sparebanken Norge Arena på Søre Neset idrettsplass. 

— Me har vore med på ei rekkje større prosjekt. Me har blant anna levert baldakinane i Os sentrum og Hamnechefen-bygget, fortel Tore.

Sidan dei flytta til Hegglandsdalen, har dei hatt ein jamn auke i omsetning. Rekordåret kom i 2022.

Illustrasjon av leskura dei leverer til Bybanen i Bergen.

– Då leverte me leskur til bybanen til Fyllingsdalen. Same år hadde me levering til Kvinnherad Arena. Det vart ei svært godt år, fortel Tore.

«Talsjef» Halhjem supplerer:

– Verksemda omsette for 125 millionar det året. Sidan den gong har firmaet lagt på rundt 80 millionar kroner årleg, fortel Halhjem.

I same periode har talet tilsette auka jamleg. I dag er dei 35 tilsette. Då dei flytta til Hegglandsdalen i 2013, var dei kring 20.

Seks jobbar i administrasjonen. 10-12 har sitt virke i verkstaden. Om lag like mange jobbar med montering i felten.

Leskura til bybanen ved Bystasjonen i Bergen.

Kontrakt opp mot åtte år

Avtalen med Vestland fylke sikrar dei arbeid i minimum fire år.

– Me skal levera leskur og større skurkonstruksjonar til venteplassar, blant anna til den nye kollektivterminalen ved Storavatnet i Loddefjord, fortel Tore.

Dei sette store krefter inn på å vinna anbodsrunden.

– Me har jobba med prosjektet i kring eitt år. 

– Gang det med seks.

Tore Sælen om den nye lasermaskinkuttaren.

Tre aktørar var igjen i siste runde.

– Kvifor gjekk de sigrande ut?

– Me gjorde ein solid jobb med anbodet. Samstundes har  tidlegare samarbeid med fylket vist at me kan levera raskt og godt. I tillegg har me vist at me er fleksible, seier dei to.

Avtalen omfattar levering i heile Vestland, frå Sveio til Måløy, og strekkjer seg over dei neste fire åra.

– Går det som me ønskjer, blir det åtte. Me har opsjon på to pluss to år til, poengterer Bjarte.

Den nye laserkuttaren kostar kring seks millionar kroner.

Litt av ei maskin

I den kring 1.600 kvm store verkstaden vert det produsert stålprodukt i alle variantar. Då Os & Fusaposten var på besøk fredag føremiddag, vart det produsert søyler til ein behandlingsheim i Bergen Vest.

– Her gjer me det meste av sveise- og monteringsarbeidet. I eit 400 kvm stort lokale like ved har me har installert vår nye "vidunder-maskin", smiler Bjarte.

Slik ser det ut inni når laserkuttermaskinen jobber.

På vegen ut får me med oss André Golucki og Anders Lura som skal visa oss korleis den gedigne laserkuttaren fungerer.

– Har de lov å seia kva denne kostar?

– Høyr med Tore.

– Vi er vel i millionklassen, Tore?

– Gang det med seks.

– Kva er dette for maskin?

– Med denne kan me kutta alt av metall og stål. Me legg det på denne skinna og programmerer maskina. Gjennom vindauga kan du sjå korleis laserkuttaren jobbar, forklarer Tore.

– Litt som ein gedigen 3D-printar?

– Ja, du kan neste seia det, smiler gjengen rundt maskina.

Er interessert

Kva så med familiebedrifta på sikt? Har dei staka ut kursen for eventuelle etterkommarar?

– Eg har jo bror min, Johannes, med på laget. Elles har eg ein 16 år gamal son som viser litt interesse for faget.

– Han vil gå denne vegen?

– Han seier, så, smiler Tore.

– Må du gje deg, Tore! Han har vel ikkje noko val. Det er jo berre tradisjon, det, spøkar Bjarte.

Powered by Labrador CMS