Farevarsel regn
Det blir vått på Vestlandet søndag og mandag.

NO startar det verste regnvêret hittil i år

Det er sendt ut gult farevarsel for regn i Bjørnafjorden. Verst blir det måndag.

Publisert Sist oppdatert

— Det blir regn, regn og meire regn, seier vakthavande meteorolog Leonidas Tsopouridis og legg til:

— Når vi snakkar no er det berre nokre dråpar. Om 15 minutt byrjar det.

Som så ofte elles ligg Bjørnafjorden i utkanten av farevarselet som denne gongen gjeld heile Vestlandet. Og aller verst blir det i indre strok. Det vil med andre ord regna meir i Baldersheim og Eikelandsosen enn på Osøyro.

I fylgje Meteorologisk Institutt er det venta mellom 60-100 mm nedbør, og lokalt så mykje som 120 mm, i løpet av dei neste 24 timane. Faren aukar først i nord og sist i sør.

Søndag blir det verst i ettermiddag og kveld. I løpet av natta kan det letta noko.

— Men det vil vel folk neppe merka. Bortsett kanskje frå meg som er på nattevakt, seier Tsopouridis og ler. 

Men om du trudde at alt var over når du står opp til jobb mandag morgon, må du tru om att. Då skal det nemleg bøtta ned på nytt.

— Det er vel då det aller verste kjem. Men det er jo ganske normalt vêr for oktober, dette her.

Fare for flaumskred

Gult farevarsel for regn betyr at det kan bli overvatn i tettbygde område. Det kan óg bli vanskelege køyreforhold nokre stader på grunn av overvatn og fare for vassplaning.

Vegar kan bli stengde og det kan vera vatn i vegbana, særleg ved bekke- og elveløp.

Også NVE har sendt ut farevarsel. Dei melder om flaumfare på grunn av regn, og fare for jord- og flaumskred.

I varselet heiter det at bratte skråningar, samt bekker og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett. Flaumskred har lang rekkevidde og kan gå ned til dalbotnen sjølv om det vert løyst ut høgt i terrenget.

Heldigvis lettar det utover ettermiddagen mandag. Tysdag og onsdag er det venta bygevêr, men kanskje får vi nokre glimt av sola innimellom. Fyrst torsdag er det verkeleg håp om sol.

Kaldare neste veke

I fylgje Tsopouridis vil det bli merkbart kjøligare frå neste veke. 

— Då kjem det kaldare luft frå nordvest, men allereie fredag kan det bli minusgrader i fjellet og berre 3-5 grader i lavlandet om det vert ein skyfri dag. 

Powered by Labrador CMS