To tilsette: Endå to tilsette ved avdelinga har fått påvist covid-19, etter nærkontakt med det første smittetilfellet i barnehagen.

Påvist smitte hos nærkontaktar - forlengjer karantene

Born og tilsette ved ei avdeling i Nøtteliten barnehage får forlenga karantenetida med to dagar.

Endå to tilsette ved avdelinga har fått påvist covid-19, etter nærkontakt med det første smittetilfellet i barnehagen, som kommunen melde om 13. november.

– Dei to tilsette var på jobb fredag 13. november, då dei gjekk i karantene på same måte som borna i avdelinga. Dette gjer at karantenetida (10 dagar frå sist nærkontakt med smitta) blir forlenga med to dagar, til og med 23. november, opplyser kommunen på sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare vert det opplyst at alle tilsette og born ved den aktuelle avdelinga er i karantene, og at det ikkje er mistanke om smitte til andre avdelingar ved barnehagen.

– Alle andre born og vaksne kan gå i barnehagen som vanleg, er meldinga.

- Barnehagen har gjort alt rett

Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale skryter av måten barnehagen har handtert smitten på.

- Dette er tøft for både borna, foreldre og dei tilsette i barnehagen. Det er tilfeldig at smitten råka Nøtteliten, men det er langt frå tilfeldig at situasjonen er under kontroll i akkurat denne barnehagen. Nøtteliten barnehage har gjort alt etter boka med kohortinndeling og avgrensa kontakt mellom dei ulike avdelingane, uttalar Nordvik Dale og held fram:

– Faren for at nærkontaktar kan vera smitta, er jo sjølve årsaka til at vi opererer med karantene. Dette er eit stjerneeksempel på kvifor vi følgjer alle desse rutinane.