Politi

Skadeverk på barnehage på Søfteland

Det vart funne tennvæske og var tydelege svimerke på bygget.

Publisert

Onsdag morgon melder politiet om skadeverk på ei barnehage på Søfteland. Skadeverket har truleg funne stad mellom måndag klokka 17.00 og onsdag morgon klokka 07.00.

Barnehagen består av eit hovudbygg og ein hytte. Det vart funne tennvæske ved hytta og svimerke på hytta. Saka er meldt.

Klokka 15.40 måndag ettermiddag vart det meldt om tjuveri av fire planter og eit tre frå Plantasjen. Ein mann i 40-åra vart observert då han fylte ein handlevogn med desse varene og køyrd av garde. Mannen var like etter innhenta av politiet og varene vart tilbakelevert til Plantasjen.

Powered by Labrador CMS