Tilsette reagerer kraftig på prosessen kring salet av Kommunetunet
— Vi blir ikkje høyrde.
Det skriv dei tilsette i eit brev send til kommunen og Os & Fusaposten. Brevet er også publisert på Facebook-sida Kvardagsprat i Fusa.
I brevet viser dei til interpellasjonen frå Richard Markhus (Ap) til kommunestyret i juni, og skriv at dei vart både overraska og skuffa over svara frå ordførar og administrasjon.
Dei hevdar saka inneheld fleire faktafeil "som politikarane bør vera klar over før dei tek avgjerder som påverkar arbeidskvardagen vår".
Kommunedirektør Arild McClellan Steine har lese brevet. Han meiner innhaldet "er svært upresist og inneheld fleire faktafeil".
Salet av Kommunetunet har skapt stort engasjement, og torsdag ettermiddag skal kommunestyret handsama eit innbyggjarinitiativ som resulterte i 962 underskrifter.
Les også:
Er Kommunetunet i dårleg stand?
I brevet stiller dei tilsette spørsmål om vurderinga av tilstanden til bygget, og nemner spesielt taket, ventilasjonsanlegget og vindauga:
"Det blir blant anna hevda at Kommunetunet er i dårleg stand, at taket er langt over si levetid og framleis har mange lekkasjar, og at det truleg må skiftast heilt ut. Det blir også hevda at ventilasjonsanlegget er i ferd med å knela, då det grunna høge radonverdiar må gå for fullt heile døgnet. I tillegg kjem det fram påstandar om at mange av vindauga dessutan må skiftast ut", skriv dei tilsette.
Desse påstandane meiner brevskrivarane er feil, og viser til ein e-post frå ein tidlegare tilsett, '"med 27 års fartstid med arbeidsplass i Kommunetunet'" og 17 år som avdelingsleiar for Eigedomsdrift.
Den tidlegare tilsette viser til eit overslag gjort i 2023 på oppgradering og ombygging av Kommunetunet.
Om taket er han sitert på at "det nok kan vera punkt som må vedlikehaldast, men generelt er taket i god stand - tekka med teglstein som er rekna til å ha ei levetid på 75-100 år".
Vidare veit han ikkje om "eit einaste vindu som må skiftast", og ventilasjonsanlegget skal berre ha gått på dagtid fram til kl 16, så lenge vedkomande var på bygget.
— Ingen eksakt vitskap
Os & Fusaposten har vore i kontakt med ein av brevskrivarane, Maria Bogevik Brandal.
— Vi har bede om tilstandsrapport for bygget, men dette er ikkje lagt fram av kommunen.
Kommunedirektøren svarer at dei ikkje har funne dokumentasjon på tilstandsvurderinga i 2023, og at han difor har referert frå den politiske saka som vart lagt fram då.
— Opplysningane som vart gitt i kommunestyret i juni er vurderingar gjort av kommunen sine folk. Dette baserer seg på kunnskap frå saka som vart skriven i 2023 og nye vurderingar basert på dagens kunnskap og levetidstabellar for ulike komponentar i bygget.
Han konstaterer at det stemmer at eit teglsteinstak kan ha ei teoretisk levetid på inntil 100 år.
— Men det er ikkje det same som at undertaket toler å stå like lenge i vêrutsette strøk, legg han til.
Kommunedirektøren viser også til ein tabell frå Byggforsk om når forskjellige taktypar og vindu bør skiftast, og konstaterer at det ikkje er ein eksakt vitskap når eit vindauge bør skiftast
— Det kjem an på mange ting som vêr, vind, type vindauge, periodisk drift og vedlikehald av vindauga.
Når det gjeld ei mogleg utskifting av ventilasjonsanlegget, seier han at "anlegget har overskride levetida i henhold til Byggforsk sine anbefalinger med god margin"'.
— Ved ei utskifting, må ein truleg opna opp taket. Då er det naturleg å sjå på det i same slengen.
— Fekk avslag
Brevskrivarane kritiserer også samansetninga av arbeidsgruppa som har jobba med utflytting frå Kommunetunet. Dei meiner denne har vore skeiv "både med tanke på avdelingane som er representerte og at flesteparten har arbeidsplass på Os-sida".
Arbeidsgruppa har bestått av tillitsvald Siw-Ingrid Kaland, hovudverneombod Hildegunn Austestad, byggansvarleg Dag Søfteland, stadansvarleg Maria Brandal, IT-ansvarleg Ronny Børsheim, biblioteksjef Kirstine Folmann og kultursjef Erik Vangsnes.
Ifølgje brevet har einingar som Landbruk og Innbyggarservice v/Dokumentsenteret, som begge har lokasjon i Kommunetunet, heile tida hatt ønske om å delta, men fått avslag på dette "fleire gonger".
"Det er veldig overraskande", heiter det i brevet.
Brevskrivarane meiner dette "svekkar breidda i perspektiva, og gir eit ufullstendig grunnlag for avgjerder".
Brei og kompakt
Ifølgje kommunedirektøren vart det gjennomført ei innmelding frå leiarane om kven som burde inngå i arbeidsgruppa.
— Arbeidsgruppa skulle vera kompakt, men samstundes breitt samansett for å sikra tilstrekkeleg kompetanse og innsikt, seier han.
Vidare stadfestar han at det kom ønske frå fleire tilsette om å få delta i gruppa.
— Men for å sikra god framdrift og effektivitet i arbeidet vart det, etter vurdering frå tidlegare kommunalsjef, tatt ei avgjerd om at gruppa hadde ei samansetning som sikra brei nok representasjon.
Eiga eller leiga?
I neste del av brevet, spør dei tilsette om dei mislukka forsøka på å framleiga lokale i Fjord'n Nærsenter: "Korleis har de forsøkt å gjera dette? Kan vi få innsyn i dette?"
Vidare peikar dei på at Bjørnafjorden kommune held fram med å inngå "stadig nye leigeavtalar i Eikelandsosen". Dei nemner konkret inngått leigekontrakt for biblioteket i Fjord'n Nærsenter, og hevdar at det også er inngått leigekontraktar for BUA og vaksenopplæringa i Fjord'n Arena.
"I 2023 vart det vedteke at Kommunetunet skulle byggjast om slik at vi
fekk fleire kommunale tenester i bygget. Vi såg fram til at også kyrkjekontoret skulle flytte inn i
Kommunetunet. For å gjera plass til dei, har det vore ein del organisering,
flytting og omrokkering av både kontor og personell på
huset. Plutseleg vart det heilt stopp – ingen fekk vita noko.", skriv dei vidare.
Brevet uttrykker frustrasjon over at dei "tilsette no blir spreidde på mange ulike lokasjonar".
"Kvifor kan vi ikkje vera samla i Kommunetunet? Er det ikkje betre å eiga enn å leiga? Vi er redde for at me skal mista det gode samarbeidet og arbeidsmiljøet vi har i Kommunetunet i dag, på tvers av mange ulike einingar og avdelingar."
Ingen respons
Kva gjeld framleige av areal, svarer kommunedirektøren at dette vart annonsert på Finn.no.
— Annonsa var aktiv på nettet frå 15. januar i fjor til 14. januar i år. Èin person vende seg til kommunen og fekk leiga eit kontor. Utover det, var det ingen respons for å inngå leigeforhold, seier Steine.
Om leigekontraktar for BUA, biblioteket og Vaksenopplæringa, stadfestar kommunedirektøren at det er inngått leigekontrakt for biblioteket.
— Dette er ein gunstig kontrakt for kommunen.
Han gir også brevskrivarane rett i at BUA og Vaksenopplæringa skal inn i Fjorden Arena, men presiserer at det ikkje er inngått leigekontrakt.
— Då dette er eit kommunalt bygg.
Han avviser samtidig at leigekontrakten for kyrkjekontoret vart fornya i 2023, slik det vert hevda i brevet.
— Leigekontrakten som kyrkjekontoret ligg under, er den same som finst for dokumentsenteret, altså den som går ut i 2029. Det har ikkje vore noka forlenging av kontrakten som vart inngått i desember 2019, seier Steine.
Fryktbasert?
Om biblioteket spesielt, skriv dei tilsette at dette var ei av flyttingane som arbeidsgruppa ikkje vart involvert i. Dei stiller også spørsmål om "forslaget og vurderinga av det nye bibliotektilbodet heller har blitt påverka av ytre forhold, som handlar meir om frykta for å mista bibliotektilbodet på denne sida av fjorden, enn ei samla vurdering av kva som er mest tenleg for tenesta, innbyggjarane våre og dei tilsette".
Ifølgje kommunedirektøren skal det vera bibliotektenesta sjølv som i lag med kultursjefen har kome fram til løysinga med nytt bibliotek.
— Trass i påstanden om at deira konklusjon er fryktbasert, har eg ved fleire høve, både skriftleg og munnleg fått forsikringar om at dette er ein liten avstand i meter, men vil gi tilbodet ei meir sentral plassering i publikumsareala til kjøpesenteret. Truleg vil det føra til eit oppsving i utlån og bruk, sjølv om bøkene blir færre og lokala mindre, seier Steine.
I brevet får kommunen kritikk fordi arbeidsgruppa fekk vita om flyttinga gjennom Os & Fusaposten.
— Det var ingen informasjon til arbeidsgruppa I forkant, skriv dei.
Kommunedirektøren påpeikar at biblioteksjef Kirstine Folmann og kultursjef Erik Vangsnes har vore med i den omtalte arbeidsgruppa frå starten.
— Dei har tatt eit særleg ansvar for å planlegga utflyttinga frå Kommunetunet for BUA, biblioteket, lokalhistorisk arkiv og lager som kultureininga disponerer i Kommunetunet. Dei har involvert dei tilsette i prosessen og informert arbeidsgruppa om dei løysingane som er vurderte og valde.
Får ikkje innsyn i risiko
I brevet vert det også hevda at tilsette ikkje har fått innsyn i dokument frå AMU om risikoelement i saka:
"Per dags dato har fleire tilsette framleis ikkje fått innsyn i desse dokumenta, sjølv om fristen for tilbakemelding var 31. juli. Når AMU ikkje får tilgang til korrekt og fullstendig informasjon, blir det umogleg for utvalet å utføra oppgåvene sine på ein forsvarleg måte. Det svekkar både tilliten til prosessen og tryggleiken til dei tilsette".
Kommunedirektøren seier at det var fleire som ikkje hadde kome med tilsvar innan fristen 31. juli.
— Fristen vart difor utvida og alle fekk då høve til å koma med tilbakemeldingar. Innspela er nedskrivne i eit eige dokument, seier han.
Ifølgje Steine skal dokumentet liggja på teams-kanalen til arbeidsgruppa som eit arbeidsdokument.
Fem tøffe år
Avslutningsvis utrykker dei tilsette skuffelse over prosessen. Dei meiner han er prega av hastverk og mangelfullt grunnlag, og peikar på at det ikkje er gjort ei konsekvensutgreiing i saka.
Dei fortel vidare om usikkerheit mellom dei tilsette etter "fem år med store nedbemanningar og fleire omorganiseringar og omstillingar". Dei etterlyser fokus på bygginga av ein felles kultur og "ein, ny stor Bjørnafjorden kommune med gode einingar, avdelingar og eit godt arbeidsmiljø".
Spørsmåla frå Os & Fusaposten om brevet frå dei tilsette, har gått til både ordførar Terje Søviknes (FrP), som har vore på reise og ikkje har hatt høve til å svara, og kommunedirektøren.
På spørsmål om ein generell kommentar til dei siste innspela frå dei tilsette, skriv kommunedirektøren at han kan bidra med fakta i saka, og at "dei tilsette sine opplevingar av prosessen får me eventuelt ta internt".