Fungerer: Spesialfilter bestilt frå Tyskland fungerer etter planen. (Illustrasjonsfoto).

Tiltak har virka. Abonnentar har fått betre drikkevatn

Nytt filter har betra vasskvaliteten.

I slutten av februar 2022 varsla kommunen om at det var funne for høge verdiar av arsen i drikkevatnet frå Holmefjord vassverk. Funnet vart gjort i samband med den årlege analysen av kjemiske stoff i januar 2022.

Om lag ti hus og ti hytter, samt skulen og barnehagen, er tilknytt vassverket, vart det opplyst den gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prøvane i fjor viste at vassforsyninga hadde verdiar av arsen over den tilrådde grensa i drikkevassforskrifta, som er på 10 mikrogram per liter.

Fagfolka som arbeider med vatn og avløp i kommunen kan no melda at eit nytt filter effektivt fjernar arsen frå vatnet før det går ut til abonnentane.

Spesialfilteret blei bestilt frå Tyskland, og sett i drift i juni i år. Det fungerer etter planen.

– Vassprøvene frå anlegget viser at arseninnhaldet no er redusert til godt under grensa på 10 mikrogram per liter, ved enkelte målingar ned mot 0, opplyser kommunen på sine heimesider.

Kommunen kjem til å halda fram med å overvaka arsennivåa.