Rå mat: Siw Bugge Gjerdevik Kolstads matfilosofi er å telja næringsstoff, ikkje kaloriar.

Siw Raw kom gjennom nålauget: Har fått avtale med Norgesgruppen

Dermed er raw food og fermenterte sausar frå Siw Bugge Gjerdevik Kolstad tilgjengeleg i matbutikkar i heile Vestland.

Avtalen med Norgesgruppen er ei fjør i hatten for mat-gründeren frå Os.

— Ja, det er jo det. Og veldig gøy, smiler Siw Bugge Gjerdevik Kolstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ferskvaresjefen på Meny Os, Sissel Iren Sperrevik, som starta det heile då ho i fjor lufta tanken om å ta inn varene frå Siw Raw.

For at det skulle skje, måtte ho fyrst få ein avtale med moderskipet Norgesgruppen.

Det skulle visa seg å ta si tid.

Eit heilt svangerskap

— Det gjekk ni månader, eit heilt svangerskap, før det rette namnet dukka opp og eg fekk sendt vedkomande ein mail om produkta mine.

Men då den rette fyrst var funnen, tok det berre eit kvarter før svaret kom: «Ja, desse varene vil vi ta inn i vårt sortiment».

— Ein ven i bransjen spurte meg om eg visste kor vanskeleg det er å få ja så fort. Han gjorde det heilt klart at her hadde eg kome meg gjennom eit skikkeleg nålauge.

Kolstad og Siw Raw fekk i fjor økonomisk støtte frå Fylkeskommunen og Sparebanken Vests Fjordfond.

Pengane skulle mellom anna gå til å få analysert næringsinnhaldet i matvarene i laboratorium.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Men på grunn av koronaen er mange laboratorium stengde ned og mykje av jobben har blitt ståande på vent, fortel ho.

Tid, pengar og energi

I etterkant av avtalen med Norgesgruppen har ho likevel måtta gjort eit grundig stykke papirarbeid. Det har kosta tid, pengar og energi.

— Eg har mellom anna laga strekkode for alle varene mine. Det tek faktisk ein heil time å registrera eitt einaste produkt, ler ho.

Ein klinisk ernæringsfysiolog som er med i forskingsprosjektet, har estimert næringsinnhaldet i produkta.

Siw Raws produkt er no altså tilgjengelege i varesortimentet til Norgesgruppen. Det betyr at alle matbutikkane i kjeda kan bestilla dei inn om kundane etterspør dei.

Førebels er varene i hyllene i butikkar i Vestland fylke.

— Men dei kan etterspørjast over heile landet.

Seinast sist veke fekk ho ein telefon frå Trondheim med privat bestilling av fire glas fermentert salsa.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kva produkt går det mest av?

— Det er heilt klart rå kaker og barar. Rå mat er veldig i tida, men det er ikkje så mange produsentar som tilbyr det.

Populært: Rå kaker og barar er i vinden som aldri før.

Trappar opp med AS

Den siste tida har Siw Raw gått frå å vera eit enkeltmannsføretak til eit AS.

I april inngjekk ho leverandøravtale med Fløistuen butikk & Café i Bergen. For eit par veker sidan tok også Café Glede på Amfi Os kontakt.

Til hausten trappar ho ytterlegare opp satsinga på Siw Raw AS med å gå ned i femti prosent lærarstilling ved Nore Neset ungdomsskule. Og tilsetja ekstrahjelp.

Då er ynsket å kunne starta opp fleire kurs i det nye produksjonskjøkenet i Kolskogheiane.

— Det er travelt, men veldig gøy. Og hadde eg hatt pengar og ein investor i ryggen, så hadde eg opna eigen kafé i Bergen.