Tiril (19) elskar film, men er klar på at hennar plass blir bak kamera
Til dagen er ho lærling i medieteknikk på Amalie Skram vgs. I helga deltok Tiril Nordanger på filmkurs i Oseana.
– Det er ikkje mange som blir lærling ved ei linje ved ein skule. Eg var heldig, og kanskje litt dyktig, smiler Tiril Nordanger.
Etter at ho var ferdig med informasjonsteknologi og medieproduksjon ved Amalie Skram videregående skole i vår, fekk ho jobb som lærling på skulen.
– Eg viste nok litt ekstra interesse og engasjement for faget. Det hadde sikkert sitt å seia for at eg fekk jobben, smiler ho.
19-åringen frå Lysefjorden var den einaste lokale som deltek på Bakom buzz-kurset i Oseana denne helga. Dei fire andre jentene som var i aksjon, er frå Bergen.
– For meg starta filminteressa då eg og ein kompis laga kortfilm som 14-15-åringar. Sidan har eg vore ganske bestemt på at eg vil vidare innan dette faget, fortel Tiril.
Passe gjeng
Ho har delteke på fleire Bakom-kurs. Det same har fleire av dei fire andre jentene som ho samarbeidde med i kjellaren i Oseana denne helga.
– Det er litt sånn. Mange av dei me jobbar med, får smaken på det, så kjem dei igjen. Det er berre kjekt, seier instruktør Viljar Bøe.
Dei starta kurset på fredag. Då handla det om idémyldring og skriving.
– Me byrja med ein idé av Diane (Morgan Acheing), så bygde me berre på. No blir det ein kortfilm om utanforskap, baksnakking og trøyst frå Chat GPT, fortel Vitoria Elise Nedrebø.
Ho skulle vera vera regissør for filmen.
Tiril var filmfotograf på prosjektet. Ho var godt nøgd med gjengen ho skulle jobba med.
– Dette er nett passe med folk. Om det blir fleire, blir det ofte rot. I tillegg lærer me mykje meir når me ikkje er så mange. Då får Moira og Viljar meir tid til å følgja oss og koma med råd under vegs, seier Tiril.
Trist form for sympati
Tiril er klar på at det er bak kamera ho vil halda fram utdanninga.
– Draumen er å bli filmfotograf, eller jobba med kamera innan media.
– Du skal ikkje i fokus sjølv?
– Hehe, nei, eg liker meg definitivt best bak. Det er jo Bakom som arrangerer kurset her, ikkje sant, ler ho.
Men å bli fotografert av Os & Fusaposten må ho berre finna seg i.
– Det ante meg då eg høyrde at de skulle koma og eg visste at eg var den einaste lokale på settet, ler ho vidare.
– Så kva meir kan de seia om kortfilmen dykkar?
– Han handlar om å bli baksnakka. Den som blir baksnakka vender seg til Chat GPT for å få råd og sympati. Deretter vender dei som baksnakkar seg også til Chat GPT og får sympati. Det er jo det som er ironien. Chat GPT er jo alltid på den som melder si side, konstaterer gjengen.
– Det er ganske trist at i moderne tider så må folk venda seg til ein «boks» på telefonen for å få sympati, medkjensle og trøyst, kommenterer Diana, som kom med ideen.
– Eg synest ideen er veldig god. Det blir spennande å sjå kva me får til når me no skal i gang med å filma. No er det berre å fordela oppgåver og setja i gang, seier Viljar.