Viljar har laga fire spelefilmar sjølv. Han diggar å kursa unge filmskaparar
I helga var det filmkurs for unge i Oseana. Læremeister var 28 år gamle Viljar Bøe frå Os.
– Viljar er ein veldig dyktig filmskapar. Trass i sin relativt unge alder, kan han alt frå A til Å når det kjem til film – om kamera, filming, redigering og klipping. Han er berre veldig flink, skryter Sofie Vestad frå «Bakom».
«Bakom» er eit filmveksthus for unge under Vestland filmsenter. I år har dei fått støtte frå fylket til å kjøpa ein Buzz-buss til å reisa rundt og halda kurs. Denne helga var dei komne til Os, Viljars heimbygd.
– Eg har jobba ein del for Bakom. Faktisk kjem eg nett frå eit tilsvarande kurs på Voss,. Det blir fleire kurs rundt om på Vestlandet utover hausten, så det går slag i slag, fortel Viljar.
Vart verande på garden
28-åringen er vaksen opp på Bønes, men som namnet tilseier, har han familie i Os.
– Familien til far min er frå Os. Sjølv har eg budd her i snart fem år no. Eg byrjar å kjenna meg godt heime her også, smiler filmskaparen.
Han har også familie i filmverda i Os.
– Ole Henning Bøe (Postracer production), er tremenningen min, kommenterer han.
Viljar er utdanna innan film og videoproduksjon frå NTNU i Trondheim. Då han laga masteroppgåva, filma han ein del på den 100 år gamle garden til familien på Hatvik. Så vart han verande.
– Det er ein gard me har brukt å vera mykje på i alle år. Då eg filma der i 2022, kjende eg meg rett og slett heime. Sidan har eg blitt verande, smiler han.
Masteroppgåva hans var filmen «Good boy». Fleire av scenene vart gjort i Os. Til og med ei i Oseana.
– Dei som deltek på dette kurset, har planar om å filma i kafeen. Det gjorde eg også under «Good boy», så det er ein location eg kjenner godt, fortel han.
Totalt har han laga fire spelefilmar. To av dei er blitt lanserte skikkeleg. Den andre av desse er «Above the Knee».
– Dette er norske filmar med norsk tale, men fordi det var lettare å distribuera dei til utlandet, fekk dei engelske titlar, fortel Viljar.
Psykisk thriller på gang
I lag med kollegaen sin i Bakom, Moira Boyle, har han no ein femte langfilm på gang. Planen er at dei skal byrja å skyta han i april neste år. Moira, som er frå Bergen, skal vera produksjonsleiar.
– Filmen har fått namnet «Den utvalde». Det er ein psykologisk thriller. Tanken er å spela inn litt her i Os og i og rundt Bergen, fortel han.
Viljar har sjølv skrive manuset.
– Eg har skrive ein del manus etter at eg vart filmskapar. Det er meir vanleg i dag enn tidlegare at filmskaparar både skriv manus og regisserer. Eg synest prosessen er veldig spennande, seier han.
– Så lokale skodespelarar og statistar er herved velkomne til innspeling?
– Det er mogleg.
Utruleg gjevande
Utanom eiga filmskaping, held han altså kurs for unge, komande filmskaparar. Denne helga kursa han og Moira fem jenter.
– Eg har jobba for Bakom i to år og har halde ei rekkje kurs. Eg synest det er utruleg gjevande. Sjølv om dei som er med på kursa ikkje har all verda til erfaring, blir resultatet ofte veldig bra. Som her i Os. No har me fem motiverte og kreative jenter. Dei har kome opp med eit artig manus. Eg gler meg til å sjå kva me får ut av det, seier Bøe.