Meir av det same: Veljarane i Bjørnafjorden gav eit fleirtal og mandat for at den nye kommunen skulle ha ei anna politisk retning enn gamle Os kommune hadde hatt. Dei fekk dessverre meir av det same som osingane var vane med.

Budsjettet som skuffa

Kva kan skje om partia i posisjon legg budsjettet så tett opp til opposisjonen sitt at det er vanskeleg å sjå skilnaden? Jo, då risikerer ein å måtte styre på opposisjonen sitt budsjett.

Det skjedde i kommunestyret 16. desember. Mange ville ha rekna det som eit stort nederlag, men i dette tilfellet går det kanskje greitt. Det var jo fort gjort å blande dei to dokumenta uansett.

To borgarlege budsjett

Då kommunestyret skulle stemma over budsjett for 2022, stod det utruleg nok mellom to budsjett med borgarleg politikk. Ein skulle tru at ein ordførar frå Ap, ein varaordførar frå Sp og ein koalisjon med mandat til å styre kommunen på eit fleirtal frå SV, MDG, Ap, Sp og KrF skulle levere eit budsjettforslag med tyngdepunkt noko til venstre for sentrum. Spesielt når ein og veit at Ap er det største partiet av dei fem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dessverre leverte koalisjonen eit budsjett som er så likt den borgarlege opposisjonen sitt at Os & Fusaposten gjer eit poeng av å utfordra Terje Søviknes om nettopp dét.

Dei skriv i innleiinga til spørsmålet: «Ingen av framlegga nyttar eigedomsskatt for å koma i hamn med salderinga. Begge tek til orde for ytterlegare innsparingar i organisasjonen, etter at Bjørnafjorden 22 er fullført. Ingen ønskjer å kompensera kommunen fullt ut for prisveksten i samfunnet, og begge er klare på at investeringane må ned».

Så kva er eigentleg skilnaden, spør dei Søviknes retorisk.

Svaret hans seier det meste: Koalisjonen gamblar med å legge inn meir inntekter enn det nasjonale styresmakter gjer. I praksis vil dei få akkurat dei same utfordringane som alle andre som ikkje skaffar reelle, nye inntekter, med andre ord.

Les også
Kva no, 2022?
Les også
Rett og urett om kommunebudsjettet

Kommunedirektørens jordskjelv

Bakteppet for desse to nær identiske budsjettforslaga er kommunedirektøren sitt budsjettforslag frå tidleg i november. Det inneheldt eigedomsskatt, men likevel var det lagt opp til omfattande kutt i dei ulike sektorane og enno meir omfattande bruk av oppsparte fondsmidlar. Det vart kalla eit økonomisk jordskjelv.

Marie Bruarøy frå Høgre sa at «kommunen er i ein alvorleg situasjon. (…) Dei kutta kommunedirektøren presenterte for kommunestyret torsdag kveld kjem til å merkast».

Dette var altså med eigedomsskatt. Vi mangla over 200 millionar i året. Kommunedirektøren såg ingen veg utanom. Han ville dekke deler av dette underskotet med den ekstra inntekta på omlag 195 millionar fordelt over dei neste fire åra. Resten av gapet kom frå oppsparte fondsmidlar og kutt i tenestene.

Diskusjonen handla altså om vi skulle kutte heile dette beløpet kvart år, eller berre delar av det med auka inntekter frå eigedomsskatt. Og husk; Vi brukte allereie lite pengar per innbyggar på heilt grunnleggande tenester, målt mot samanliknbare kommunar. Kven trur du det rammar når vi no kuttar enno meir i tenestene?

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vi undres - spørsmål etter budsjettbehandlingen
Les også
Jo, takk som spør, Hepsøe og Steinum

Kva rammer eigentleg skeivt?

Vi høyrer ofte at eigedomsskatt kan ramme skeivt. Dei finnest, dei som eig dyr bustad sjølv om dei har låg inntekt og lite oppspart. Dei er rett nok ikkje så mange. Dei aller, aller fleste som eig dyre bustader har også god råd. Men ja, eigedomsskatt vil kunne ramme nokre få urettvist. Samstundes veit vi at kraftig reduserte tenester og bemanning i kommunen garantert vil ramme langt fleire.

Alle dei som har behov for at kommunen stiller opp og bidreg vil få eit dårlegare liv av begge dei to budsjetta som var aktuelle å vedta. Det vil verte færre lærarar, færre vaksne i barnehagen, færre sjukepleiarar, færre logopedar, færre som bidreg til at flyktningar får ein god start og integrerast godt i sin nye heimkommune, og færre som motverkar mobbing i skulen. Du vil sjå færre vikarar når kommunens tilsette vert sjuke, noko som igjen vil gje eit enno høgare sjukefråvære i kommunen vår.

Dei langsiktige effektane av manglande oppfølging frå kommunen, kan vi berre spekulere i, men vi veit at det vil verte både dyrt for kommunen og dramatisk for dei det gjeld.

Kutt i kommunens tenester frå det nivået vi er på no, er det klårt mest treffsikre tiltaket om vi ønsker å ramme flest mogleg hardast mogleg. Eigedomsskatt gjer det motsette. Den treffer i all hovudsak dei med høg inntekt.

Likevel insisterer Ap, Sp og Krf på å drive kommunen utan inntektene frå eigedomsskatt. Desse inntektene som er så nødvendige for å bøte på situasjonen at kommunedirektøren foreslår dei medrekna sjølv om han veit at det ikkje er politisk fleirtal for det. Det krev mot, og kan ikkje tolkast som noko anna enn eit svært tydeleg signal frå den ressursen i kommunen som kanskje kjenner den økonomiske situasjonen aller best.

Signalet er enkelt og greitt: Me manglar så store beløp (over 200 millionar kvart år) at alle argument om effektivisering, ny teknologi eller kutt i administrasjonen vert latterlege. Kutta kjem til å merkast for både deg, meg, borna våre og dei eldre i kommunen. Kommunedirektøren og administrasjonen meiner at det ikkje er forsvarleg med slike kutt frå dagens nivå.

Les også
Dette seier ordførar Trine Lindborg om å styra på opposisjonens budsjett
Les også
MDG gjorde kontroversielt budsjettval mellom «pest eller kolera». Dette er Nøttseters forklaring

Opne auge

Difor meiner eg å ha orda mine i behald når eg seier at det stod mellom to borgarlege budsjett. Dei to budsjetta er så like at det speler svært liten rolle for dei kommunale tenestene og dei tilsette i kommunen kva for eit budsjett som vart vedteke. Den einaste løysinga vi fekk på det store underskotet, er den borgarlege: Kutt meir, sjølv om vi allereie bryt lova enkelte stader og brukar lite på tenestene til dei som treng det mest.

Så kva ord skal vi nytte når parti som Ap, Sp og KrF heller vil skjere til beinet enn å krevje at dei med mykje bidreg litt meir? Kvifor vel eit parti som Ap eit tenestenivå under det kommunedirektøren og administrasjonen anbefaler? Under det lovpålagde minimumsnivået enkelte stader, til og med. Dei har jo ei løysing i ein skatt som nær sagt alle andre kommunar i landet nyttar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis kan dette vere i tråd med verdiane i arbeidarrørsla, og i tråd med den endra politiske retninga som eit fleirtal av oss stemde for hausten 2019?

Det er hard kritikk eg serverer her. Det meiner eg er fortent, for dette har dei heilt bevisst valt å gjere, med opne auge. Det har ikkje mangla på åtvaringar om økonomiske vanskar i dei to førre rundane med budsjettvedtak. Dei negative konsekvensane for kommunens innbyggarar har vorte belyst fleire gonger.

Les også
Når ein peikar på andre, peikar tre fingrar på ein sjølv

Ei misbrukt moglegheit

Vi trong modige politikarar i posisjon etter valet i 2019. Politikarar som i alle fall verna om det relativt stusselege tenestenivået vi hadde då. Dei neste åra skulle vi ha bygd det ut. Det kostar pengar, men om ein først og fremst har hjarte for dei som har den svakaste stemma så gjer ein dei prioriteringane ein må for å få det til. Det skuldar vi dei som er avhengige av ein kommune som leverer gode tenester for å få eit verdig og meiningsfullt liv, både for ein sjølv og dei ein har omsorg for.

Men partia som i dag vert kalla «restkoalisjonen» vel heller å frede store eigedomsformuar framfor å styrka tenestene for folk flest, og især for dei som treng fellesskapet mest. Då vert eg trist.

Eg er heilt sikker på at det ikkje er denne retninga veljarane til verken Ap, Sp eller KrF eigentleg ønsker for bygda vår. Eg er redd vi har kasta bort ikkje berre fire år som vi burde ha brukt til å auke kommunens inntekter og styrke tenestene, men og moglegheita til å få eit venstreorientert fleirtal igjen på lang tid. Veljarane i Bjørnafjorden gav eit fleirtal og mandat for at den nye kommunen skulle ha ei anna politisk retning enn gamle Os kommune hadde hatt. Dei fekk dessverre meir av det same som osingane var vane med.

No har vi berre halvtanna år igjen på å vise veljarane at ein likevel kan få solidarisk, sosial og omsorgsfull politikk med eit fleirtal utan Frp og H. Men tida er knapp, og etter årets grufulle budsjettprosess ser det dessverre mørkare ut no enn det har gjort nokon gong sidan hausten 2019.

Craig Bøthun

Bjørnafjorden SV

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Poenget er at eg vil ikkje jobba på denne måten lenger