
Då framsyninga var over, vart den store overraskinga avslørt
Initiativtakarane har gjort det som står i deira makt for å halda påskjønninga hemmeleg.
Fredag ettermiddag og kveld inviterte dans- og dramalinja ved Bjørnafjorden kulturskule til to flotte framsyningar i Oseana kunst- og kultursenter.
Som alltid var Patricia Langeland ein av primus motorane for «Aleine saman med alle dei andre», ei framsyning der publikum vart invitert med på ei oppdagingsferd i rørsler og kjensler.
Og som alltid klarte ho og dansarane å bergta publikum. Men det som for alvor kjem til å vera brent fast i minnet til tilskodarane, og ikkje minst dei involverte, var det som skjedde etter den andre framsyninga.
Då vart nemleg mangeårig kulturskulelærar, og den som dei aller fleste ser føre seg når det vert snakk om dans i Bjørnafjorden, Patricia, heidra med Kongens fortjenstmedalje, og det utan at hovudpersonen sjølv ante nokon ting som helst.
I alle hemmelegheit hadde nemleg Egil Haugland, på vegner av seg sjølv, og veldig mange sambygdingar, sendt ein søknad til Hans Majestet Kongen i oktober 2024.
Langeland, som vart fødd i Chile i 1965, og kom til Noreg som FN-flyktning i 1988, får medaljen for mange års arbeid og engasjement for barn og unge i Os, no Bjørnafjorden kommune.
– I Os har Patricia hatt ulike tilsetjingsforhold i kommunen, først i skulefritidsordninga og seinare i hovudsak knytt til Os musikkskule, som seinare er blitt til Os kulturskule (no Bjørnafjorden kulturskule). Patricia hadde universitetsutdanning som dansepedagog frå Chile, og har nytta denne kunnskapen, og etter kvart erfaringa, til glede for fleire tusen barn og unge i kommunen, heitte det i søknaden.
– Eit stort førebilete
Av dei som bidrog til søknaden, og som stiller seg hundre prosent bak påskjønninga, er Bjørnafjorden kommune ved ordførar Terje Søviknes.
– Som ordførar i tidlegare Os kommune, og no Bjørnafjorden kommune, har eg sidan 1999 fått følgja Patricia sitt arbeid overfor barn og unge i kommunen. Primært gjennom hennar rolle som drama- og danselærar i kulturskulen, men også gjennom hennar engasjement i det frivillige kulturlivet i kommunen. Ho har med bakgrunnen sin, engasjementet, dei organisatoriske evnene og den varme personlegdomen vore ein inspirasjon, og ikkje minst eit stort førebilete, for tusenvis av barn og unge i Bjørnafjorden, skriv ordføraren og held fram:
– Patricia har sett kvar enkelt elev, stimulert til personleg utvikling og skapt eit unikt fellesskap for alle dei ho har undervist og sett opp framsyningar med. Spesielt viktig har ho nok vore for mange unge jenter som har hatt henne som eit stort, kvinneleg førebilete.
Søviknes karakteriserer også den dramatiske livshistoria hennar, frå ho flykta frå Chile, fekk flyktningstatus i Noreg og fram til i dag, som unik.
– I dag er Patricia ein høgt respektert bjørnafjording alle kjenner, og held av. Ho har funne sin misjon i livet, og verkeleg betydd ein forskjell for svært mange barn og unge. Ei påskjønning til Patricia vil difor også vera ei påskjønning til alle flyktningar som har kome til Noreg og blitt viktige ressurspersonar i lokalsamfunna sine, påpeikar ordføraren i brevet til kongen.
Dette seier kollegaer og andre om Patricia
I søknaden er det også henta inn kommentarar frå folk som har jobba tett på Patricia gjennom dei meir enn 30 åra ho har hatt virke sitt i kommunen:
Bergljot Lyssand Bjørø, pensjonert musikkpedagog og kollega:
“Vi starta å arbeida saman då Patricia begynte som assistent på SFO på Os barneskule. Patricia hadde danse- og dramagrupper der, og ho merkte seg ut med å vera flink med borna, kreativ, sjølvstendig og dyktig. Borna var veldig begeistra for å få delta i gruppene hennar. Etter kvart fekk ho ei deltidsstilling ved Os musikkskule, og derifrå byrja danseeventyret som har gledd generasjonar av barn og unge i kommunen vår. Patricia har ein veldig kapasitet, eit stort pågangsmot, og er ein pioner i dansemiljøet i Os. Ho er unik på logistikk, er profesjonell tvers gjennom og har ein fantastisk relasjon til elevane sine. Alle kjenner seg sett og blir møtt med ein klem når dei kjem til timen. Ei dame som har gjeve så mykje av seg sjølv til så mange, fortener verkeleg ein skikkeleg hyllest!"
Mette Samdal, tidlegare leiar for Os musikkskule:
“Patricia hadde ikkje vore lenge i Os før ho deltok med ekspertisen sin i barnehagar, skular, SFO, lagslivet, kyrkjelyden og sikkert fleire andre arenaer. I byrjinga av 1990-talet starta ho i Os musikkskule. Frå 1993 utvikla det seg til å bli dans og drama med Patricia som instruktør. Det vart fort eit svært populært tiltak, og pågangen av elevar var stor, med til dels lange ventelister. Elevane hennar utgjorde etter kvart den største elevgruppa i musikk- og kulturskulen, og vi andre hadde litt dårleg samvit når Patricia hadde bortimot 200 elevar i eit stort aldersspenn. Men ho klagde ikkje. Patricia var glad i ungane sine og dei var svært glade i henne. Ho såg den enkelte elev – spesielt dei som trong litt ekstra merksemd eller var litt annleis kroppsleg enn idealet. Mangt eit ungt – og no kanskje vakse menneske – har mykje å takka Patricia for! Patricia er eit unikum – eit sjeldant fint og klokt menneske!”
Malin Nøss Vangsnes-Weaver, tidligare elev og dansepedagog:
“Patricia er ein person som har sett sitt merke på samfunnet i Bjørnafjorden (tidligere Os) i over tre tiår. Ho er mest kjent som danselærar, og alle veit kven ho er – anten fordi dei sjølv har vore innom dansegolvet, fordi dei har sett nokon av framsyningane ho set opp med elevane i kulturskolen, eller fordi dei kjenner nokon som går eller har gått hos ho. Det er i det heile vanskeleg å setja ord på kor mykje Patricia har betydd for meg, og for så mange andre. Ho viser alle barn same merksemd, same omtanke og omsorg, og er kort og godt ein rollemodell vi alle treng i liva våre."
Per Olav Sørås, tidlegare rektor på Kuventræ barneskule:
“For ein del år sidan sette vi opp store framsyingar der alle elevane frå 1. til 7. trinn deltok. I den samanheng knytte vi til oss Patricia Langeland. Det blei starten på eit utruleg flott og gjevande samarbeid. Patricia hadde ein heilt unik undervisningsstil. Ho utstrålte smittande glede over det ho held på med, og ho fekk elevane til å dansa og utfalde seg med stor iver og frimodigheit. Gutar som i starten var skeptiske, måtte berre gi seg over til dansen. I tida Patricia arbeidde hos oss, viste ho at ho hadde auge for kvar einskild. Elevane kjende seg trygge og godt tatt vare på. Ho oppdaga potensiale og fekk fram talent, og mang ein elev opplevde å få skina gjennom dansen, noko som skapte betre sjølvtillit og sjølvkjensle. Patricia hadde då, som no, eit svært positivt menneskesyn. Ho viste like stor respekt for alle, og hadde ein spesiell omtanke for elevar som trong ekstra merksemd. Ho trygga dei på det dei kunne og fekk til."
Anne Solberg Andersson, tidlegare lærar og ungdomskonsulent:
“I om lag 30 år har Patricia gjennom jobben sin som lærar i kulturskulen, undervist, vist omsorg, sett grenser, vore ein trygg og tydeleg vaksen, hatt trua på, og ikkje minst SETT born og unge. Patricia har ein unik evne til å balansera mellom omsorg og grensesetjing, mellom disiplin og kjærleik. Ein kunne sagt mykje om alt ho har lært elevane sine om å formidle historier og kjensler gjennom dans. Ein kunne ha ramsa opp kor mange elevar ho faktisk har undervist og kor mange av desse som har tatt steget vidare og søkt vidare utdanning innan dans og kunst. Vi kunne ha skildra i hopetal dei danseframsyningane ho har stått bak som rører publikum, som set heile kjensleregisteret i sving. Men kanskje er ikkje det det viktigaste Patricia gjer. Kanskje er det viktigaste å fokusera på det mellommenneskelege. Patricia har bidrege til at mange unge har kjent på stor meistring, unge som har snudd frå total sceneskrekk til å stå framst på scena, frå å vera forsiktige og lukka, til å blomstra. Ungdomar som har utfordringar dei slit med i kvardagen og i livet, men som har blitt lettare takk vere Patricia. Foreldre som er uendeleg takksame for det ho har gjort for borna deira, for at ho har sett dei, og for at ho ikkje har gitt dei opp. Patricia gjer verkeleg ein skilnad for born og unge i kommunen, både i og utanom jobben sin. Ho er ein skilnad i kraft av å vera den ho er i møte med andre menneske."
Inger Kobbeltvedt, mange år aktiv i barne- og ungdomsarbeid:
“Mitt første møte med Patricia var under pinsevandringen langs Munkestien på starten av 1990-talet. Då brukte ho nokon av jentene frå Ufo-teateret til ein stokkedans på steingarden. Det var magisk som det meste Patricia held på med. Patricia underviste også i teaterdans, noko som for døtrene våre har skapt varig inntrykk og lærdom."
Bente Brøvig Strømme, aktiv i Varga Dansekompani:
“På initiativ frå Oseana kunst- og kulturhus vart Varga Dansekompani etablert i 2017 med Patricia som instruktør og koreograf. Dansekompaniet består av godt vaksne mellom 70 og 90 år. Vi øver på ulike trinn og måter å røra oss på, balanse, koordinasjon og smidigheit. Det gir mykje rørsleglede, men set også krav til konsentrasjon og utfordrar oss mentalt, i tillegg til fysisk. Hittil har dansekompaniet utvikla, øvd inn og framført tre framsyningar i Oseana-salen. Patricia har ein personlegdom med mykje engasjement og utstråling, noko som gir oss mykje glede. Det sosiale samværet i Varga Dansekompani er et viktig tilleggsmoment som vi alle set stor pris på."