Omringa på toppen av Fjellet: Saka om Jim Johannessen, som vart omringa av hoggorm på Liafjellet, er blant sakene som er lese flest gonger i 2022.

Desse ti sakene blei lesne flest gonger i 2022

Eit tilbakeblikk på sakene som hadde flest lesarar i året som gjekk.

1. Heilt på toppen av lista ligg Minneord etter Kjersti Ellingsen, som gjekk bort i mars, berre 49 år gammal.

2. Jim Johannessen var i april på Liafjellet og fann plutseleg ut at han var “omringa av hoggorm”. Han forsøkte å dytta bort ein, men ormen skal ikkje ha hatt respekt for 61-åringen på fjelltur.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. “Dette problemet held folk i Bjørnafjorden vakne”. I september var vegvesenet på plass på Os vidaregåande for å gjennomføra ein kontroll av lette motorsyklar på parkeringa ved skulen.

4. I 1992 opna Linda Andersen ein liten kiosk på grensa mellom Os og Bergen. I 2013 utvida Andersen, saman med dottera, Hanne Catrine Andersen. Sterkt inspirerte etter ein tur til USA.

Men i slutten av august, kunne dei fortelja at dei skulle selja livsverket, og at helsa måtte koma først.

5. I mai tok det unge paret, Vegard Sagstad og Emma Haukenes, over ein heilt spesiell eigedom. For fire millionar kroner fekk dei ein eigedom på elleve mål, med totalt fem bygg.

6. Det er ikkje mange som har sleppt unna koronaviruset. Ikkje alle kom seg gjennom pandemien med livet i behald. Det var nære på at det gjekk gale for unge Nora, som måtte kjempa for livet.

7. Mannskapet på ferja hadde stor medkjensle med ein bilførar, som i april var uheldig då vedkomande skulle køyra om bord. Bilen kunne ikkje køyrast av, og fekk store skadar på høgre bakhjul. Det blei nokre overfartar medan ein venta på bilbergar.

8. Det er mange unge menn som har gått bort i løpet av kort tid i Bjørnafjorden kommune. I september kom saka om Selina, som har opplevd å mista to nære vener på under eitt år. — Kvifor blir ikkje dette snakka meir om, spør ho.

9. Det blei i juni sett i gang ein leiteaksjon etter ein ung mann i Lysefjorden. Kort tid etter at aksjonen blei sett i gang, blei mannen funnen omkommen.

Artikkelen held fram under annonsen.

10. — Denne draumen har vore altoppslukande, men på eit tidspunkt må ein setja foten ned. Det sa Jostein Eck i september. Saman med sambuar Irene Strønen har han drive Elvehuset sidan forsommaren i 2020. I september kunne dei fortelja at frå og med 2023, er det slutt.