Stadig færre: Stadig færre stemmer ved kyrkevalet sjølv om Den norske kyrkja har gjort det enklare å stemme.

Har tatt grep for å gjera det enklare. Likevel var det rekord-få som røysta

Totalt 272.603 personar stemde i kyrkjevalet i år. Det er ei oppslutning på 8,99 prosent.

Oppslutninga er ein nedgang frå det førre valet i 2019, då oppslutninga var på 12,6 prosent, skriv Den norske kyrkja i ei pressemelding.

Les også
Svært laber deltaking i kyrkjevalet på Nore Neset

Nedgangen kjem sjølv om det for første gong var mogleg å førehandsstemme digitalt. Éin av tre som stemde ved kyrkjevalet i år, stemde digitalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var flest som stemde i soknerådsvalet (8,4 prosent), og litt færre som stemde i valet av bispedømmeråd/Kyrkjemøtet (6,5 prosent).

Oppslutninga var størst i Hamar bispedømme med 11,61 prosent og minst i Oslo bispedømme, der oppslutninga var på 6,3 prosent.

Les også
Slik vert det nye soknerådet i Os