Forsiden - os og fusa

Aktuelt

  • Éi melding etter kontroll

    Benjamin Olsen

    Utrykkingspolitiet gjennomførte promillekontroll på Halhjem ferjekai onsdag formiddag.

    Det oppylyser politiet i ei melding til avisa.

    Der skal 56 trafikantar ha blitt sjekka for rus, utan utslag.

    Men kontrollen skal ha resultert i éi melding. Dette grunna køyring utan gyldig førarkort.

  • Måtte ut med 1.000 kroner kvar

    Jostein Halland

    Tysdag hadde Statens vegvesen ny kontroll på Svegatjørn kontrollplass.

    Under kontrollen blei følgjande avdekt:

    Fire sjåførar fekk tilsaman seks åtvaringar for mindre brot på reglane for køyre- og kviletid. To av førarane fekk også kvart sitt gebyr på 1.000 kroner for to større brot. Her fekk også transportørane to gebyr på 2.000 for dei same brota.

    - Ein førar fekk bruksforbod for ikkje å ha trekt ut bakre underkøyringshinder (for stort overheng bak)

    - Fem fekk bruksforbod for sikthindrande gjenstandar i frontruta. Her var det snakk om mobilar/gps, namneskilt, plakatar og andre pyntegjenstandar. Gjenstandar som hindra utsyn måtte fjernast før vidare køyring.

    - Tre bruksforbod i samband med farleg gods. Her var det snakk om eit mangelfult utfylt transportdokument, ikkje godkjend brannsløkkingsapparat og mangelfull sikring av godset.

    - Eit bruksforbod for manglande stadfesting på disposisjonsrett over motorvogn (manglande leige/leasingavtale då transportør ikkje var registrert eigar av motorvogn). Som løyvehavar må du alltid kunna bekrefta disposisjonsretten over den aktuelle motorvogna som vert brukt til den løyvepliktige transporten. Dette for å hindra at løyve ikkje vert "lånt" ut til andre transportørar.

    - Sju køyretøy fekk tekniske mangellappar for luftlekkasje, skada kjennemerke, skada frontrute, heng på bremser og manglande skjerming av hjul/skvettlapp.

    Tal på tunge køyretøy over kontrollplass: 115

    Tal på kontrollerte lette køyretøy: 5

    Tal på kontrollerte for manglande bruk av bilbelte: 35

    Tal på sendte rapportar: 1

    Tal på bruksforbod: 10

    Tal på køyretøy med skriftlege manglar: 7

    Tal på sjåførar med brot på køyre- og kviletid: 4

    Tal på ADR (farleg gods) - køyretøy med brot: 1

  • Trur gut vart tvungen til å stela

    Camilla Kvamme

    Tysdag kveld ca. kl. 20.12 mottok politiet melding om eit tjuveri frå ein butikk på Amfi Os.

    Mest sannsynleg vart guten, som er 15 år, tvungen til å stela av en gjeng, opplyser politiet i Os i ein e-post til Os & Fusaposten onsdag morgon.

    Hendinga blir følgt opp i det førebyggjande sporet.

  • Hattrick på fem minutt

    Benjamin Olsen

    Thomas Stene Spilde blei den store spelaren då Os tok ei ny siger i helga.

    Han skåra tre mål i løpet av berre fem minutt i andreomgang av oppgjeret mot Lyngbø på Kuventræ laurdag.

    Det var Vegard Leikvoll Moberg som gav Os leiinga i førsteomgang.

    1–0 skulle stå seg til det var om lag 15 minutt att. Då skåra Stene Spilde sine tre mål på fem minutt. Som om ikkje det var utruleg nok, fekk også Mathias Sivertsen registrert ei skåring mellom Stene Spilde si skåring nummer to og tre. Os vann med overbevisande 5–0.

    Etter å ha opna sesongen med tre strake tap, har dei gule og svarte tre sigrar på rappen der dei har levert til 16–1 i målskilnad, og med det verkeleg fått opp dampen.

  • Kjempa seg tilbake

    Benjamin Olsen

    Det skal argumenterast godt for å overbevisa nokon om at det er keisamt å sjå Osdamene i aksjon.

    På fem kampar denne sesongen, er det skåra 32 mål. Eit snitt på 6,4 mål per kamp.

    Dei har skåra like mange som dei har sleppt inn.

    Laurdag kveld gjesta Bjarg Kuventræ. Etter to skåringar frå Anna Ferkingstad, såg det ut til å gå mot tap for heimelaget.

    Men først reduserte Andrine Brunvatne Kvittingen, før Amalie Aunet Frekhaug på overtid sytte for poengdeling med ei straffeskåring.

  • Nest nedst på tabellen

    Benjamin Olsen

    Det har butta imot for Lysekloster så langt denne sesongen. Dei har gjort det for vane å ta leiinga, for så å ikkje klara å halda på denne.

    Det skjedde også i borteoppgjeret mot Træff søndag.

    Lysekloster–Sotra, fotball, PostNord-ligaen, Lysekloster Sporty Arena, 2. divisjon, mars 2025, 0–0, Lysekloster-kaptein Alexander Dang
    Skåra: Alexander Dang skåra i borteoppgjeret mot Træff, men Lysekloster reiste frå Molde utan poeng.

    Ei vanskeleg oppgåve blei tøffare då Kristoffer Nesse Stephensen fekk raudt kort etter 24 minutt, men Alexander Dangs skåring gav Lysekloster ei vitamininnsprøyting rett før kvilen.

    Heimelaget utlikna på straffespark etter 69 minutt, før dei kort tid før kampen var omme, tok leiinga og med det sikra seg tre poeng.

    Lysekloster ligg på nest siste plass i PostNord-ligaen etter å ha spelt seks kampar.

  • To frå Bjørnafjorden til landsfinale

    Benjamin Olsen

    Vestland sender 41 deltakarar til landsfestivalen i Trondheim 21.–25. juni innan dei fleste kulturuttrykka og arrangørgruppene.

    UKM: Magnus Godøy under UKM Bjørnafjorden i februar.

    Etter først å ha vist seg fram lokalt og regionalt, er to deltakarar frå Bjørnafjrordne klare for Trondheim i juni.

    Dei to er Magnus Godøy og Solveig Furu.

  • Hysja på personar i hage

    Benjamin Olsen

    Politiet tok turen til Lekven natt til søndag. Dette fordi at det skal ha blitt spelt høg musikk på ei adresse i området.

    I ein e-post skriv politioverbetjent Anne Lyssand at det var 12 personar ute i hagen på den aktuelle adressa.

    – Eigaren fekk pålegg om å dempa musikken, skriv ho.

    Meldinga skal ha kome i 02-tida.

  • Falsk alarm

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Kl. 12.44 laurdag fekk politiet melding om ei trafikkulukke via automatisk varsling (E-call). Det viste seg at vedkomande hadde mista mobilen som sende ut e-call, og at alt var i orden.

  • Råkøyring i Lyshorntunnelen

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Kl. 17.27 laurdag fekk politiet melding om ein bil som køyrde i høg hastigheit i Lyshorntunnelen. Bilen vart ikkje kontrollert.

  • 40 personar kontrollert på Halhjemsvegen

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Torsdag kveld i nitida gjennomførte politiet ein ruskontroll på E39 Halhjemsvegen. 40 personar vart kontrollerte, men ingen utslag.

  • Kontroll på Lyseklostervegen

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Torsdag kveld gjennomførte politiet ein trafikkontroll i 50-sona på Lyseklostervegen. Resultatet vart fem forenkla førelegg, der høgste fart vart målt til 55 km/t.

  • Mobilbruk i bil

    Benjamin Olsen

    To personar fekk eit forenkla forelegg etter at dei skal ha brukt handhalden mobil under køyring torsdag.

    Politiet skal ha gjennomført trafikkontroll ved 7-Eleven torsdag ettermiddag litt før halv to.

  • Hjort med tre bein

    Benjamin Olsen

    I området Banktjørnhaugen skal det onsdag ha blitt observert ein hjort, som skal ha mangla eitt bein.

    Det skal ha vore ein turgåar som melde politiet om dyret.

    Politioverbetjent Anne Lyssand opplyser at viltnemnda blei varsla og tok over oppdraget.

  • Ringde politiet etter russefotball på Søfteland

    Anne Marie Aarøen Vangsnes

    Litt før klokka 23 mandag fekk politiet melding om eit russearrangement på Søfteland idrettsplass. Meldar opplyste at det var knust glas, mykje støy og fleire russ som var berusa.

    Om lag 40 russ skal ha arrangert fotballturnering på staden.

    Politiet dro til staden. Russen rydd fint opp etter seg og forlet plassen om lag kl. 23.

    Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein epost til media.

  • Ungdom trong bistand frå helse

    Benjamin Olsen

    Politiet skal laurdag kveld ha fått melding om ein ungdom som hadde behov for helsebistand på fest i Hagavik-området.

    Meldinga skal ha kome inn litt før klokka 22 laurdag.

    I ein e-post til avisa opplyser politioverbetjent Anne Lyssand at helse tok over oppdraget.

  • Fire forenkla førelegg

    Benjamin Olsen

    Resultatet var nok ein trafikkontroll på Halhjemsvegen, var fire forenkla førelegg.

    Politiet har søndag kveld vore på plass for å kontrollera trafikantane. Der skal fire førarar ha køyrd for fort.

    Kontrollen vart gjennomført i 70-sona, og det er opplyst at politiet var på staden kring klokka 22.30.

    – Høgaste hastigheit var 94 km/t, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

  • Trafikkuhell i Lepsøykrysset

    Benjamin Olsen

    Laurdag ettermiddag skal ein bil ha køyrd i bilen som stod foran i Lepsøykrysset.

    Politiet har ikkje oppretta sak.

    – Det er ikkje gjort førarkortbeslag, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

    Vegtrafikksentralen blei varsla etter uhellet. Ingen av dei involverte skal ha blitt skadd. Det var trafikkdirigering på staden og ein del "nedfall" i vegen.

    – Begge førarane blåste til 0,00, skriv Lyssand i ein e-post.

  • Brannalarmen gjekk i Hegglandsdalsvegen

    Benjamin Olsen

    Natt til laurdag skal ein brannalarm ha blitt utløyst i eit bygg ved Hegglandsdalsvegen.

    Politiet opplyser at brannvesenet var på staden, og at sprinkleranlegget i bygget hadde blitt utløst.

    Dette skal ha skjed kring klokka 02.00 laurdag.

  • Mann med tommelen ute i Lepsøykrysset

    Benjamin Olsen

    Politiet rapporterer måndag om ei trafikkfarleg hending ved Lepsøykrysset. Der skal ein mann ha haika langs vegen i 70-sona. Ifølgje politioverbetjent Anne Lyssand skal mannen ha framstått rusa.

    – Meldar tok mannen med seg til nærmaste busstopp. Ingen operative tiltak, skriv Lyssand i ein e-post.

Båt tyveri_1.mp4

Samtidig som temperaturen stig, startar høgsesongen for båttjuveri.

Tinestafetten 2024.mp4

Elevane gav alt under Tine-stafetten på Kuventræ onsdag.

Bunad_2.mp4Bunad_2.mp4
17. mai dress kort.mp4

Har du hugsa å sjekka at skjorta er i orden før 17. mai?

8. mai.mp4

Markerte 80-årsjubileum for frigjeringa

Prosjekt snill_1.mp4

Banning, snitching og mobbing. No vil skulen snu utviklinga med nytt prosjekt

Spøkelsedamer_2.mp4

Mor og dotter elskar å jakta på spøkelse

Ungdomsrommet.mp4

Opplever sterk vekst i tal ungdom

Ådlandsfjorden fotball.mp4

Ein dag for historiebøkene i Ådlandsfjorden

Russedåp - vors.mp4

Årets russekull er offisielt døypt

Fabrikken åpning.mp4

Har jobba på spreng for å klargjera Fabrikken til opning.

Gindbygg Moberg_2.mp4

Gamal byggeskikk - moderne hjelpemiddel. Synest du dette såg kult ut?

Påske quiz_3.mp4

Vinnar blei overraska på jobb

Oppussing alene.mp4

Brukar oppussinga som terapi

Os vgs anlegg brann.mp4

Visste du at primusen kan gi ein så stor eksplosjon?

Os vgs HMS anlegg.mp4

Nyttig kurs: Erika har opplevd skumle jobbsituasjonar før.

Os vgs ambulanse.mp4

Var instruktørar for resten av skulen

Sveitservillaen 9x16.mp4

Klinte til for draumehuset

Os VGS HMS 25_1.mov

Elevar fekk testa å koma seg ut av røykfylt buss

Os damer serieåpning 9x16.mp4

Entusiasme og optimisme for damefotballen

Intro Anniken TikTok 9x16.mp4

Er det noko du vil vi skal vera med på?

Powered by Labrador CMS